Rekordinnsamling i Øygarden

Sundag kveld klokka 22.20 var det registrert om lag 1 571 000 kroner til TV-aksjonen frå Øygarden. Dette er ein kraftig auke frå året før.

TV-aksjonskomiteen i Øygarden gler seg over godt resultat i 2024. Frå venstre;Espen Cornell Jacobsen, Ernst Einarsen, Julia Woehlert, Camilla Nygård, (Sparebanken Vest) Margareth Brown, Inger Fosse, Stine Sanden.  - Klikk for stort bileteTV-aksjonskomiteen i Øygarden gler seg over godt resultat i 2024. Frå venstre;Espen Cornell Jacobsen, Ernst Einarsen, Julia Woehlert, Camilla Nygård, (Sparebanken Vest) Margareth Brown, Inger Fosse, Stine Sanden.

I kontantar kom det inn om lag 290 tusen kroner. Dette er 88 tusen kroner meir enn året før. Det er registrert om lag 324 tusen kroner i digitale bøsser som spleis. Seks skular og eín barnehage i Øygarden har delteke i Spleis. Det er Brattholmen skule, Spildepollen skule, Skogsvåg skule, Bjorøy skule, Foldnes skule, Skålevik skule og Stranda barnehage.

Rådgjevar i kultur, Julia Valeska Woehlert seier at det har vore rekordmange bøsseberarar dette året.

- Vi godt «innsamlingsver», og over 200 bøsseberarar var i aksjon på sundag. Vi gler oss også over rekordmange deltakarar i Spleis og rekordinnsamling blant næringslivet (326 tusen kroner), seier rådgjevaren.

Inntektene frå TV-aksjonen går til Barnekreftforeningen, som skal etablera familiehus ved universitetssjukehusa i Tromsø, Trondheim, Bergen og Oslo.

Les om skuleløp på Skogsvåg skule og rekordinnsamling frå næringslivet.


Tekst: Vigleik Brekke
Foto: Privat