Saftige replikkar og latterbrøl på vandreteater i sør

Foto frå vandreteateret Ord til folket  - Klikk for stort bileteMykje kan henda medan ein ventar på bokbussen på 1980-talet. Kenneth Sangolt

200 år med bibliotek i Sund vart feira med vandreteateret "Ord til folket."

Laurdag 2. september vart det feira (omlag) 200 år med bibliotek i Sund. Med vandreteater i og rundt Sund kyrkje fekk publikum ei reise gjennom bibliotekhistoria i denne delen av kommunen. Regi var av Yvonne Algrøy og Helga Golten. Det var saftige replikkar og mykje latter når dei ulike scenane utspelte seg.
 

Fulle kyrkjebenkar


Arrangør er Sund Sogelag saman med Folkeakademiet Vest og Øygarden kommune. Det var stor interesse for jubileet, kyrkja var full. - Dette gjekk heise bra sa Vivian Steinsland som er leiar i Folkeakademiet Vest.


Frivillige krefter


Dei som bidrog til vandreteateret var: Sund blandakor, Sund brass, Kystkulturkoret, Stranda barneteater, Glesnes teaterlag og dramaelevar frå kulturskulen.  

Kulturminnedagane

Jubileet er ein del av dei nasjonale Kulturminnedagane. Her kan du lese om fleire arrangement i neste veke.

 

Tekst og foto: Kenneth Sangolt