Samarbeid har gjeve etterlengta parkeringsplass

Tysdag føremiddag kunne glade brukarar, grunneigarar, elevar og kommunefolk gle seg over at parkeringsplassen på Ekrhovda er på plass. Ordførar Tom Georg Indrevik klipte i snora godt hjelpt av elevane Emilie og Jonas i tredje klasse på Kolltveit skule.

Ordførar Tom Georg Indrevik fekk god hjelp frå elevane Emilie og Jones då snora skulle klippast. - Klikk for stort bileteOrdførar Tom Georg Indrevik fekk god hjelp frå elevane Emilie og Jones då snora skulle klippast.

Den nye parkeringsplassen vil forbetra trafikktryggleiken i området og gjera det langt lettare for turgåarar å koma seg til Pyttane og Liatårnet frå austsida. Parkeringsplassen med totalt 32 plassar er universelt utforma og har to eigne parkeringsplassar for forflyttingshemma. Prosjektet har kosta 2,7 millionar kroner inklusive meirverdiavgift og er eit resultat av godt samarbeid mellom kommunen, ØyVAR, grunneigarar og entreprenør Sartor Drange. ØyVAR har kombinert dette prosjektet med legging av vassleidning mot Ekrhovda. 

- Det er bra at vi har fått denne parkeringsplassen. Eg går på stien opp mot Pyttane saman med familien og vener. Eg går av og til eit lite stykkje på stien åleine også, seier Emilie Heen som er barnebarn til grunneigarane Margunn og Aslak Heen. 

Emilie heldt i snora saman med Jonas Hjartøy Mjanger.

- Det er litt tungt å gå opp denne stien, men vi gjer det jo for å verta sunn. Pappa har klart å gå opp til Pyttane på 19 minutt, seier Jonas.

Parkeringsplassen er allereie flittig i bruk. Are Mjøs

Ordførar Tom Georg Indrevik sa at denne parkeringsplassen har vore etterlengta og at han er klar for bruk 10 månader etter vedtaket i kommunestyret. Prosjektleiar i kommunen har vore Christian Alsaker. 

- Det var berre plass til tre-fire bilar nede ved vegen her, og vi måtte vera tidleg ute for å få parkert. Eg vil retta ei ekstra takk til grunneigarane, ØyVAR representert ved Tore Brakstad og Sartor Drange representert ved Are Mjøs. Det er god folkehelse å ha ein slikt tilbod og viktig for å få ro i sjel og sinn. Tusen takk til alle for kreativitet, sa ordføraren.

Også grunneigar Aslak Heen gler seg over at parkeringsplassen er på plass.

- Det har for så vidt ikkje vore vårt primærønske. Men no har det vorte så fint som det kan bli. Eg håpar det kan koma på plass eit bosspann, helst ved bommen, som mellom anna kan hindra at det vert liggjande hundeskit langs vegen, seier Aslak Heen.

Tredje klasse (A og B) med kontaktlærarane Hege Høyland og Camilla Algrim i spissen, gledde dei rundt 25 frammøtte med ein godt tilpassa song («Langt å gå», Klovner i kamp). 

- Vi prioriterer meir uteundervisning, og ei slik markering kombinert med turgåing for elevane passar flott inn i undervisningsplanen, seier rektoren.

Det er lagt til rette for at ein kan koma seg forbi bommen oppe i bakken for personar med nedsett funksjonsevne.

Her er fleire bilete:

Frå venstre: Are Mjøs, Aksel Heen, Odd Erik Kjeldstad, Marian Guddal Hansen (kultursjef), Jan Utkilen (politikar), Tom Georg Indrevik og Nils Kåre Skoge (politikar). - Klikk for stort bilete
Jonas Hjartøy Mjanger og Emilie Heen heldt i snora då ordføraren klipte snora - Klikk for stort bilete
Tore  Brakstad (ØyVAR, til venstre) i samtale med Aksel Heen. - Klikk for stort bilete
Inklusive elevar var næare 60 personar på plass ved opninga tysdag - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Tom Georg Indrevik - Klikk for stort bilete
Tom Georg Indrevik, Aslak Heen og Margun Heen - Klikk for stort bilete
Dirigent Hege Høyland - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete


 
Tekst og foto: Vigleik Brekke