Semje om å få analysert økonomiske tiltak

Formannskapet vedtok tysdag samrøystes å få vurdert tiltak som reduserer kostnader og aukar inntektene. Konkret vart det vedteke at fleire område vert analysert og følgd opp med mål om å identifisera kostnadsreduserande tiltak og auka inntekter.

Pauseprat. Frå venstre; Marianne Sandahl Bjorøy (Ap), tom Georg Indrevik (H) og Eva Aarskog (SV). - Klikk for stort biletePauseprat. Frå venstre; Marianne Sandahl Bjorøy (Ap), tom Georg Indrevik (H) og Eva Aarskog (SV).

Dei områda som skal analyserast er:

  • Barnevern 
  • NAV 
  • Ressurstildeling skule 
  • Spesialundervisning 
  • Arealeffektivisering 
  • Benchmarking (samanlikning) av prisar og kommunale satsar 
  • Eigedomsskatt på næringsverksemd
     

Bakgrunnen for saka er at 2024 gjekk med eit negativt netto driftsresultat på 37,5 millionar kroner. Rekneskapsrapporten for januar viser at den negative trenden held fram. Dersom ikkje den økonomiske utviklinga snur, er disposisjonsfondet tappa i løpet av eitt eller to år.

Tilrår å avslå tilbod om direkte anskaffing av omsorgsbustadar

Formannskapet sluttar seg til tilrådinga frå plan og miljøutvalet om å avslå direkte anskaffing av 41 nøkkelferdige omsorgsbustadar frå Omtanke AS. I tilrådinga til kommunestyret vert kommunedirektøren beden om å gå i dialog med utbyggjar for å vurdera om det er aktuelt å nytta tilvisingsavtale som verktøy for å realisera leilegheitsbygget.

Bakgrunnen for saka er at Øygarden kommune har fått tilbod om å kjøpa 41 nøkkelferdige omsorgsbustadar sentralt på Ågotnes. Målgruppa for bygget er eldre med vedtak om heildøgns helse- og sosialtenester. Bygget skal utformast slik at det løyser ut investeringstilskot frå Husbanken.

I tilrådinga vert kommunedirektøren beden om å førebu kunngjering av ein konkurranse for bygging av omsorgsbustadar for personar med heildøgns omsorgsteneste. Prosjektet skal fylla vilkår for investeringstilskot og realiserast snarast mogleg. Vidare skal det fremjast ei sak juni 2025 som skildrar korleis ei slik anskaffing kan gjennomførast.

Det vert bedt om at kommunedirektøren tar kontakt med Husbanken for å spela inn behovet for å raskt få på plass investeringstilskot til tryggleiksbustadar.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Tilrår å oppheva Bustadstiftinga

Formannskapet slutta seg til innstillinga frå kommunedirektøren og tilrår å oppheva Bustadstiftinga. Ved oppheving av Bustadstiftinga overtek Øygarden kommune alle eigendeler og gjeld tilhøyrande Bustadstiftinga.

Bustadstiftinga har ein samla eigedomsportefølje på 378 bustadar og 5 barnehagar. Det er fleire vilkår som må vera på plass før kommunestyret kan gjera vedtak om oppheving. Kommunedirektøren si samla vurdering er at desse vilkåra er oppfylte. Ved oppheving av Bustadstiftinga, vil Øygarden kommune overta anleggs- og omløpsmidlar til bokført verdi 345 millionar kroner pr. 31. desember 2023 og ei gjeld på 281 millionar kroner.

I saka skriv kommunedirektøren at oppheving av Bustadstiftinga er eit viktig første steg for å arbeida for ei samla og kraftfull bustadforvaltarteneste i Øygarden kommune. Sjølv om Bustadstiftinga isolert sett leverer gode tenester, er det etter kommunedirektøren si vurdering uheldig for både effektivitet og heilskap i tenestetilbodet med to bustadtilbydarar med same føremål.

Saka går vidare til behandling i kommunestyret. Vedtaket skal til sist prøvast av Stiftelsestilsynet.

Ny samarbeidsavtale om DigiVestland 

Formannskapet ønskjer å halda fram samarbeidet om DigiVestland og tilrår at kommunedirektøren signerer avtale om digitaliseringssamarbeidet DigiVestland, med Bergen kommune som vertskapskommune etter kommunelova kapittel 20.
Ny avtale gjeld frå 1. mars 2025. Deltakarbidraget frå Øygarden er 550 tusen kroner pr. år.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Diginettverka skal bidra til koordinering på tvers av kommunane og arbeida mot felles mål som KS (fellesorganisasjon for kommunane) har sett for diginettverka: 

  • styrkja kapasitet og kompetanse 
  • bidra til utbreiing av digitale fellesløysingar og gevinstrealisering 
  • spela inn nye behov og mobilisera ressursar inn i nasjonalt arbeid

Finansrapport 

Formannskapet tilrår å ta finansrapport per 31. desember 2024 til orientering slik han ligg føre. Kommunestyret gjer endeleg vedtak.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument. 

Her er opptak av møte på kommune-TV.


Tekst og foto: Vigleik Brekke