Det har vore samarbeid mellom dei store anlegga og Øygarden brann og redning i mange år, men med formalisert og utvida samarbeid får det fleire positive konsekvensar.
- Det har skjedd mykje innan brannvern den siste tida. I går (30. mars) vedtok kommunestyret både å kjøpa ny brannbil og godkjenna denne avtalen. Og frå 1. april er brannvernet ei avdeling i kommunen. Det er viktig å vita kor tett dei store anlegga er lokalsamfunnet. Det skjer også mykje i Energiparken, og brannvernet må styrkjast, sa ordførar Tom Georg Indrevik.
Bjarte Padøy sa at denne avtalen gjev eit løft for heile den nordre delen av Øygarden.
- Dette gjeld både med tanke på utrykking og moglegheiteter for å betra samarbeid om trening og øving. Det er jobba i lang tid med avtalen, og dette vil styrkja industrivernet. Takk til alle for det gode arbeidet! sa Padøy.
Signeringa vart gjort i brannstasjonen på Kollsnes.
Bjarte Hennø er driftssjef og industrivernleiar for Kollsnes & Sture.
- Det vil vera vaktlag som er disponibelt både for Equinor og resten av den nordre delen av kommune. Denne avtalen betyr mykje for kapasiteten for å trena på industrivern. Avtalen er viktig for oss både med tanke på førebygging og bekjemping, seier Hennøy.
Bjarte Hennø og Bjørn Olav Paulsen
Nord i kommunen er det tre lokasjonar med bil og utstyr. Brann- og redningssjef Bjørn Olav Paulsen seier at samarbeidet mellom Equinor og kommunen bidreg til at ein vert betre kjent med kvarandre.
- Det skal tilsetjast personell som skal ha sin faste plass på dagtid her på brannstasjonen på Kollsnes. Utanom arbeidstid inngår dei i beredskapen på Dalsneset brannstasjon. Ved utkall har desse spesielt god kjennskap til anlegget her. Dette vert kort og godt ein vinn-vinn-situasjon, seier Paulsen.
Frå 1. april vert Øygarden Brann og redning som kommunalt føretak (KF) avvikla. Frå denne datoen vert Brann og redning ei eining i Øygarden kommune.
Her er fleire bilete: