Sjakkmatt for ordføraren

Anna Ovidia Young (15) frå Knappskog er teken ut på ungdomslandslaget i sjakk og skal i november delta i sjakk-VM for ungdom i Montesilvano i Italia.
- Eg lærte meg sjakk av ein ven på SFO då eg var sju år, seier Anna Ovidia som torsdag utfordra ordførar Tom Georg Indrevik til å ta ein duell ved sjakkbrettet på innbyggartorget og biblioteket.

Ordføraren måtte gje tapt i duellen mot Anna Ovidia Young. - Klikk for stort bileteOrdføraren måtte gje tapt i duellen mot Anna Ovidia Young.

Det gjekk som det måtte gå. Ordføraren måtte strekkja våpen. Men sant skal seiast; han gjorde ein respektabel innsats fram til han stod i sjakkmatt. Anna Ovidia tykte han gjorde det bra.

- Eg trenar minst ti timar i veka, og mykje av treninga skjer ved at eg møter mostandarar digitalt. Elles er eg aktiv i Sotra sjakklubb, seier Anna Ovidia som er den einaste frå Øygarden som har vore på landslaget i sjakk for ungdom. No går ho i 9. klasse på Fjell ungdomsskule.

Mykje trening

Dei tre siste åra har ho delteke på sjakktrening. Dette er eit digitalt tilbod med faste treningar to dagar i veka. Det er også fysiske treningar i Sotra sjakklubbungdom kvar torsdag i tillegg til trening og turnering med dei vaksne i klubben. Anna Ovidia deltek også i Flere mot Sjakktoppen som er eit prosjekt med mål om å produsera fleire sterke sjakkspelarar i Noreg. Der er det to fysiske og åtte digitale samlingar i året.

Anna Ovida konsentrerer seg i duellen mot ordføraren. - Klikk for stort bileteKonsentrasjonen er på topp.

I 2019 vann Anna Ovidia Young NM for jenter. I november reiser ho til sjakk-VM for ungdom i Italia. Der skal ho delta saman med tre andre frå Noreg i jenteklassen opp til 16 år. Det er ikkje økonomisk lukrativt å driva med sjakk. Kostnader med reis og opphald må ho og familien dekkja sjølv.

- Vi får litt støtte frå den lokale klubben og frå sponsorar, fortel mora Birte Marie Rine Young.

Då Anna Ovidia var sju-åtte år, vart ho spurt om ho skulle bli like flink som Magnus Carlsen.

- Nei, eg skal bli betre, var det kontante svaret, fortel Birte.

Ordførar Tom Georg Indrevik meiner at Anna Ovidia vil profetera på å driva med dette.

- Sjakkspeling krev mykje av hovudet. Dette vil også hjelpa deg i skulearbeidet, seier ordføraren.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke