Skal byggja skule på Møvika

Kommunestyret vedtok onsdag tiltaka i barnehage- og skulebruksplanen for Øygarden kommune fram til 2028. Med 28 røyster vart endringsforslaget til Høgre, Frp, Sotralista-TVØ, KrF, Venstre og Pensjonistpartiet vedteke. Konsekvensen er mellom anna at Terna barnehage og Ulveset barnehage vert lagde ned frå hausten 2025.

Frå kommunestyret 18. desember - Klikk for stort bileteFrå kommunestyret 18. desember

Kommunestyret vedtok desse endringane i forhold til framlegget frå  kommunedirektøren for valperioden 2023-2027;

  • Justera krinsgrensene for Misje og Turøy krinsar til Toftøy skule frå august 2025.
  • Ferdigstilla Fjell ungdomsskule i denne perioden.
  • Setja i gang bygging av ny barneskule på Møvika til erstatning for Ulveset og Skålevik skular med ferdigstilling i 2029. 
  • Setja i gang planlegging av ny eller rehabilitering av barneskule på Ågotnes i 2027.  


Endringar i framlegget i perioden 2028-2040 til ny barnehage- og skulebruksplan skal ein koma tilbake til i samband med rullering kvart fjerde år, første gong i 2028. I forkant av dette skal det hentast i

Mindretalet (19 røyster; Ap, INP, MDG, Raudt, Sp, SV) røysta for å alternativ 0 i skulebruksplanen. Dette framlegget inneber at dei kommunale barnehagane Terna og Ulveset ikkje vert lagde ned. I forhold til innstillinga frå kommunedirektøren skulle dette endrast:

  • Ny skule på Møvika vert endra til oppveksttun på Ulveset med kombinert skule og barnehage.
  • Planen skal rullerast kvart fjerde år, første gong i 2028. I samband med dette, skal det hentast inn oppdaterte folketals- og elevtalsprognosar. Ved rulleringa skal det særleg vurderast om det skal gjerast endringar som følgje av endringar i barnetal og samfunnsmessige forhold. Tiltak etter 2028 må justerast/stadfestast i samband med rulleringa.


I dette mindretalsframlegget heiter det også at tilrådinga i ny barnehage- og skulebruksplan vert gjennomført etter kvart som den økonomiske bereevna til kommunen kan handtera investeringane og driftskostnadene. Dette kjem ein tilbake til i samband med årlege budsjett og økonomiplanarbeid.

Silje Ulveseth (Ap) ville bruka tomta på Ulveset til oppveksttun og behalda Terna og Ulveset barnehagar. - Klikk for stort bileteSilje Ulveseth (Ap) ville bruka tomta på Ulveset til oppveksttun og behalda Terna og Ulveset barnehagar.

Avviste innbyggjarinitiativ 

Det låg på bordet eit Innbyggjarinitiativ om framleis drift av Terna barnehage. 

Kommunestyret avviste innbyggjarinitiativet og grunngav det med å visa til kommunelova §12 der det går fram at det ikkje kan fremjast innbyggjarinitiativ med same innhald som i sak som er behandla i inneverande kommunestyreperiode.

Skal ta imot inntil 100 flyktningar i 2025

Kommunestyret vedtok samrøystes at Øygarden kommune skal busetja inntil 100 flyktningar i 2025. 

Med 35 mot 10 røyster (Arbeidarpartiet, SV og Raudt) vart det vedteke å be kommunedirektøren koma tilbake med ein meir nøyaktig kalkulasjon av faktiske inntekter og utgifter i samband med flyktningarbeidet.

Kommunestyret slutta seg elles til innstillinga frå kommunedirektøren der det heiter at Øygarden kommune har eit stort press innan barnevernstenester og at ein såleis ikkje finn rom til å busetja einslege mindreårige flyktningar i 2025. I vedtaket heiter det at dersom behovet for mottaksplassar aukar, vil kommunestyret koma tilbake til dette sett i lys av ei eventuell ny oppmoding. 

Øygarden kommune er frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) oppmoda om å busetja til saman 100 flyktningar i 2025 og at 10 av dei 100 plassane vert nytta til busetting av einslege mindreårige over 15 år.

Skal selja fleire eigedomar

Det vart vedteke at ei rekkje kommunale eigedomar skal fristillast for sal. Plan- og miljøutvalet skal få oppdateringar på framdrifta i møte den 28. april og 30. oktober 2025. 

Oversyn over eigedomar kommunen skal selja:

  • Sal av kurssenteret i Skogsskiftet. 
  • Sal av bygg i Bildøybakken.
  • Den gamle brannstasjonen på Tjeldstø vert tilbydd selt til ØyVAR.
  • Sal av Bjørkestølen 32 når nye Fjell ungdomsskule på Bildøyna står klar. 
  • Sal av areal som er regulert til fylkesveg på gnr/bnr 150/290 og gnr/bnr 150/291 til Vestland fylkeskommune. 
  • Tomt for forsamlingbygg i Apalvågen vert tilbydd selt til Sekkingstad vel for takst. Kommunen skal sikra tilkomst til kommunal kai og slipp, og eige tilkomsttrase til desse.
  • Tomt bak kommunedelsenteret i Skogsskiftet vert detaljregulert. Salspotensialet vert vurdert etter at reguleringsplan føreligg. 
  • Administrasjonen går i dialog med Klokkarvik grendelag og interessegruppa for etterbruk av skuledelen for overføring av grendehusdelen og potensielt skuledelen. Riving av skuledelen vert spelt inn til budsjett 2026 om dialog ikkje fører fram. 
  • Administrasjonen går i dialog med Algrøy grendelag for å overføra allaktivitetshuslokalitetane i bygget til grendelaget. Behov for riving av skuledelen vert vurdert og spelt inn til budsjett 2026. 
  • Avventar til vedtak for arealdelen til kommuneplanen før ein avgjer framtida til gamle Glesnes barnehage.
  • Avventar områdeplanen for Bildøy før ein avklarar kva som skjer med gamle Bildøy barnehage. Eigedommen vert selt om områdeplanen opnar for bustader. 
  • Tomta som Tussetjødna barnehage er etablert på, vert halden i kommunalt eige for framtidig utnytting. 
  • Det vert starta opp eit arbeid med tanke på etterbruk av kommunedelsenter Rong når Statnett flyttar ut. 

    Dei fire eigedomane i kommunedirektøren sitt forslag som framleis skal vera i kommunal eige er:
     
  • Parkeringsplass i Rong sentrum (vedteke mot åtte røyster (Ap og Sp)).
  • Tomt for ny skule i Møvik (vedteke mot 12 røyster, (Ap, SV, Sp, MDG og Raudt)).
  • Gamle Tjeldstø barnehage (samrøystes).
  • West-teambygget (vedteke mot åtte røyster (Ap og Sp)).

Vil ha vurdert fleire offentlege funksjonar i samlokalisering med ny vidaregåande skule 

For at fylket skal halda framdriftsplanen i prosjektet, må kommunen innan utgangen av 2024 konkludera med kva kommunale funksjonar ein ønskjer inn i ny vidaregåande skule på Stovevatnet. 

Kommunestyret drøfta dette og røyste over eit forslag fremja av fleirtalspartia. Forslaget vart vedteke. Mindretalet (Ap, SV, Sp, Raudt og MDG) røysta for forslaget frå kommunedirektøren.

Vedtaket vart då slik:

Øygarden kommune inviterer Vestland fylkeskommune til eit samarbeid om å utvikla eit felles bygg for vidaregåande skule ved Stovevatnet på Straume og kva det kan innehalda av funksjoner. Partane må i den samanheng drøfta ulike finansieringsordningar for å kunna realisera prosjektet.

Døme på funksjonar er (ikkje uttømmande):

  • Vidaregåande skule med tilhøyrande funksjonar 
  • Rådhus med plass til administrasjonen/politisk leiing
  • Kultursalar
  • Kulturskulen
  • Kafè/kantine
  • Plass til ulike publikumsretta tenester
  • Helsestasjon for ungdom 
  • Plass til lag og organisasjonar
  • Gymnastikksal/idrettshall
  • Politi ev. andre statlege funksjonar 
  • Co working 
  • Grunderpark
  • Bibliotek
  • Innbyggartorg


Kommunestyret ber om at saka kjem tilbake for endeleg vedtak om innhald av funksjonar i felles bygg i løpet av våren 2025.

Kommunestyret vedtok elles å slutta seg til tilrådinga frå plan- og miljøutvalet slik:

  • Kommunestyret ber om at det vert lagt frem eiga sak som vurderer ulike former for organisering/eigarskap av eit felles utviklingsselskap i februar 2025. Det vert bedt om at sak om parkeringsstrategi for Straume blir lagt fram til behandling i februar 2025. 
  • Kommunestyret ber om at eksisterande rådhus på Straume blir vurdert som eigen innsats i eit nytt felles offentleg bygg/selskap. Det vert bedt om at det fram mot hausten 2025, vert lagt fram løypemeldingar til plan- og miljøutvalet/formannskapet slik at politisk nivå er informert om status, ulike alternativ og økonomiske konsekvensar.

Kvartalsrapport 

Kommunestyret tok kvartalsrapporten til etterretning og vedtok å setja av redusert avdragsbetaling på fire millionar kroner på disposisjonsfondet. 

Total årsprognose etter 3. kvartal er eit meirforbruk på fire millionar kroner for 2024. Det er i budsjett 2024 budsjettert med eit netto driftsresultat på 8,5 millionar kroner. Per september er netto driftsresultat 14,4 millionar kroner dårlegare enn periodisert budsjett hittil i år. 

Kommunalsjefområda har eit samla meirforbruk på 22 millionar kroner. Prognosen for eigedomsskatt er sju millionar kroner betre i 2024 enn budsjettert. Dette skuldast nye anlegg på Kollsnes som det vart skrive ut eigedomsskatt på frå og med 2024. Nye berekningar av minimumsavdrag etter kommunelova sine reglar tilseier at Øygarden kommune kan redusera  årsbudsjettet med fire millionar kroner.

Regjeringa lova kommunane fem milliardar kroner ekstra i 2024 gjennom nysalderinga av statsbudsjettet. For Øygarden kommune betyr dette 30,8 millionar kroner i ekstra rammetilskot for dette året.

Andre forhold som slår positivt ut på inntektssida dette året er 36,6 millionar kroner frå Havbruksfondet, 7,5 millionar kroner ekstra i utbytte og sju millionar kroner ekstra i eigedomsskatt.

Vil halda i saka om fastlandssamband 

Kommunedirektøren hadde innstilt på at kommunen ikkje skal arbeida vidare med fastlandssambandet Lerøyna/Bjelkarøyna og at saka vert avslutta. 

Kommunestyret vedtok å be om å få sak om fastlandssambandet tilbake i første kvartal 2026. Dette vil gje tid for avklaringar som kan vera relevant for vidare utvikling i saka.

Kommunestyret slutta seg til eit framlegg frå Frp der det heiter at slik saka står i dag, er det ikkje sett av område for ilandføring i arealdelen til kommuneplanen (KPA) i Bergen. Av den grunn vil det vera mest føremålstenleg å venta inntil Bergen startar opp sitt arbeid med KPA. Då vil ein ha høve til å koma med innspel til område for ilandføring. Før det vil det for Øygarden kommune vera vanskeleg å greia ut plan for trase over og frå øyane til Bergen. 

Raudt fekk to røyster (SV og Raudt) på eit forslag om å utgreia for å leggja godshamn til Lerøyna/Bjelkarøyna inn i reguleringsplanen i samband med eit eventuelt fastlandssamband.

Alternativ opplæring i skulen

Kommunestyret slutta seg til tilrådinga frå kommunedirektøren om at omfanget av kjøp av alternative opplæringstilbod vert vidareført på dagens nivå. Skulane vert stimulerte til å utvikla ein meir praktisk og variert organisering og undervisning i samsvar med nasjonale føringar. Vidare vert det teke initiativ til eit samarbeid med eksternt fagmiljø (HVL ) om ei evaluering av den alternative opplæringa. Resultat av evalueringa vert lagt fram for levekårsutvalet.
Kommunestyret er samd med ungdomsrådet om at det bør leggjast til rette for tettare samarbeid med fylkeskommunen for å sikra god overgang mellom ungdomsskule og vidaregåande skule for elevar som har delteke på alternativ opplæringsarena. 

Eit tilleggspunkt frå Frp vart samrøystes vedteke; Det vert arbeidd ytterlegare med å leggje til rette for at elevar i 9. og 10. klasse kan få utplassering hjå bedrifter som alternativ undervisning.

Endrar alkoholpolitisk handlingsplan

Det var vedteke å endra alkoholpolitisk handlingsplan punkt 7.2.8 slik at sal og utlevering av alkoholhaldig drikk gr. 1 kan skje frå klokka 08.00 til klokka 20.00 på kvardagar og til klokka 18.00 på dagar før sundagar og helgedagar, med unntak av dagen før Kristi Himmelfartsdag.

Øygarden kommune vedtok i kommunestyret den 23. mai i år revidert alkoholpolitisk handlingsplan for 2024 - 2028. Der vart salstidene frå førre løyveperiode vidareført med starttid klokka 07.00. I følge lovtolkinga frå Helsedirektoratet kan ikkje salstid etter alkohollova § 3-7, starta før klokka 08.00. Dette er bakgrunnen for at levekårsutvalet tilrår overfor kommunestyret å endra punkt 7.2.8 i alkoholpolitisk handlingsplan.

Evaluerer politisk delegeringsreglement for kommunestyreperioden 2023- 2027

Kommunestyret tok evalueringa av det nye delegeringsreglementet for klagesaker til etterretning og å vidareføra delegeringa utan endringar. Det er tilrådd at kommunedirektøren får i oppdrag å koma tilbake med ny sak om justeringar av politisk delegeringsreglement våren 2025.

I saka går det fram at delegering av kurante byggesaker har vist seg å vera svært effektivt. Saksbehandlingstida er vesentleg redusert frå rundt 137 dagar til 54 dagar. Kommunen held no seg innanfor lovfristen på åtte veker for behandling av klagesaker etter byggesaksforskrifta § 7-1 (1) bokstav c.

Eigedomsstrategi

Formannskapet tilrår eigedomsstrategien slik han ligg føre. Kommunedirektøren vert beden om å revidera eigedomsstrategien i 2026, og å sikra at eigedomsstrategien bygger opp under konkretisering av målsettingar i framtidig strategisk plan for klima og miljø.

I tilrådinga vert kommunedirektøren beden om å koma tilbake med ei sak våren 2025 som  omhandlar gjennomføringsmodell for framtidig eigedomsarbeid. I saka skal det skisserast kva  for oppgåver som bør vera i eigen organisasjon, og kva for oppgåver kommunen vil vera tent  med å gje til eksterne aktørar. Saka skal også omhandla alternative måtar oppgåver kan settast  ut til eksterne. 

Båtruta Knappskog – Geitanger

Kommunestyret vedtok å ikkje inngå ein bindande intensjonsavtale med Vestland fylkeskommune om medfinansiering av båtruta etter at kontrakten går ut i 2026.

INP fekk ikkje fleirtal for eit forslag om at kommunen inngår en avtale med fylkeskommunen for å sikra framleis drift av båten til Geitanger. Forslaget fekk 16 røyster (Ap, SV, Sp, MDG, Raudt og INP).

Vedtok plan for Nordre Maimyra

Kommunestyret vedtok detaljreguleringsplan for Nordre Maimyra, Brattholmen slik han ligg føre. Planområdet er på om lag åtte dekar og ligg i regionsenteret Straume, omkring 200 meter vest for Brattholmen barneskule. Formålet med planarbeidet er å leggja til rette for 13 bustadeiningar i rekke, med leike- og uteopphaldsareal og teknisk infrastruktur.

Prioriterte spelemidlar

Kommunestyret slutta seg til forslaget frå kommunedirektøren i saka om prioritering av spelemidlar for 2025. Prioriteringa er basert på at dei eldste søknadene kjem øvst. For søknader motteke same år, vert private anlegg prioritert framfor kommunale anlegg. Høgast søknadsbeløp kjem først.

På dei tre første plassane på lista kjem kunstgrasbane Spildepollen, rehabilitering kunstgras Nesemyra og garderobeanlegg Ågotnes idrettsanlegg. 

Støttar forslag om besøksbidrag (turistskatt)

Kommunestyret støttar kommunedirektøren sin høyringsuttale om å innføra besøksbidrag slik det går fram av saka. 
Kommunestyret ber også regjeringa å finna ei anna innretning på ordninga før innføring, slik at ein sikrar at bidraga kan krevjast inn frå fleire gjestegrupper og ikkje vert ei rein avgift på overnatting. Besøksbidraga må verta øyremerkt til reiselivsrelaterte fellesgode.

Frp røysta imot å gje ein høyringsuttale som støttar innføring av besøksbidrag.

Ny forskrift om politivedtekt for Øygarden kommune - etter høyring

Formannskapet tilrår at kommunestyret vedtek ny forskrift om politivedtekter for Øygarden slik dei ligg føre. Den nye forskrifta vil erstatta to forskrifter om politivedtekter for Fjell og Sund kommunar.
Bakgrunnen for saka er at Øygarden pr. dato står utan gjeldande politivedtekt for heile kommunen.

Andre saker

  • Retningslinjer for tildeling av kommunal bustad 
  • Val og endringar knytt til styre i Bustadstiftinga og Øygarden bustadforvaltning 
  • Fritak og nyval for politiske verv for kommunestyreperioden 2023-2027
  • Forskrift om skulerute
  • To saker om fritak som meddommar


Her finn du innkalling med saksdokument.

Det er gjort opptak av møtet på kommune-TV.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke