Skal følgja opp handlingsplan

Handlingsplan for eldrerådet 2024-2027 stod på dagsorden på møtet fredag 23. februar. Rådet skal gå grundigare inn i saka på neste møte. 

Frå møtet i eldrerådet 24. februar. Biletet viser leiar Egil Haaland og nestleiar Berit Anita Knudtsen Larsen. - Klikk for stort bileteFrå møtet i eldrerådet 24. februar. Biletet viser leiar Egil Haaland og nestleiar Berit Anita Knudtsen Larsen.

Handlingsplanen er eit arbeidsverktøy for eldrerådet, for å planleggja vidare arbeid. Planen er tenkt som eit levande dokument, som ein kan endra og oppdatera etter vedtak i rådsmøta.

Etter framlegg frå Egil Haaland vart det vedteke at eldrerådet har gjennomført ei førebels drøfting av utforminga av handlingsplan 2023 - 2027. Saka vert sett opp på møtet 25. april for vedtak av planen.

Årsmelding for eldrerådet 2023

Eldrerådet tilrår overfor kommunestyret at årsmeldinga vert teken til godkjenning slik ho ligg føre med nokre mindre endringar.

Orienteringar

Leiar for heimetenesta sone nord, Marianne Våge Berland, orienterte om heimtenestene, medan Monica Landro og Hirsti Hus Karlsen gav informasjon om avlastningsordningane og butilboda.

Berit Anita Knudtsen Larsen orienterte om Treff+, datakurs (hjelp mot svindel), litterær matpakke på innbyggartroga og biblioteka, fem moteshow, møte i forkant av lokalvalet og juleavslutning.

- Eg vil særleg nemna demenskoret og allsong. Eg kjenner nesten hjartebank når eg tenkjer på dette. I fjor var  det 1 969 registrerte deltakingar, seier Knudtsen Larsen og nemner konserten i Foldnes kyrkje 14. desember som eit høgdepunkt.

Egil Haaland gav informasjon om Aktiv+. Det er aktivitetar både på Straume, Skogsskiftet og Rong, til dømes seniortreff på Aktivitetssenteret i Skogsskiftet.

Det vart også nemnt at det er god oppslutnad om seniortreffa på Aktivitetssenteret i Skogsskiftet.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument og protokoll.


Tekst og foto: Vigleik Brekke