Frå venstre; Victoria Kviet Kute Gourand, Tom Georg Indrevik, Mathea Telle og Alexandra Busomoke.Ordføraren var også til stades og fekk æra av å klippa snora godt assistert av elevrådsrepresentantar. Sjølv opplevde ordføraren det som elev utfordrande å lesa.
- Det er utruleg viktig å lesa. No skal de med lesinga «reisa» til mange land. De kan ikkje no reisa desse stadene sjølv, men de kan drøyma dykk til desse landa. Det er viktig at alle deltek i leseprosjektet på sine eigne nivå, sa ordføraren.
Leseprosjektet er utforma i samband med språkkommuneprosjektet i Øygarden og Lexplore. Elevane og trinna samlar poeng og flagg. Rektor Linda Selheim seier at Spilepollen har gjort det godt i lesing på nasjonale prøvar.
- Vi er nå ferdige med å kartleggja leseferdigheitene til alle elevane, seier rektoren på startdagen for leseprosjektet.
Populært med lesing
No skal elevane lesa seg rundt i verda. Det var Alexandra Busomoke, Victoria Kviet Kute Gourand og Mathea Telle som assisterte ordføraren under snorklippinga.
- Eg likar best å lesa romantiske bøker. Eg har no lese To all the boys I`ve loved before (Jenny Hann). Dette ein serie på tre bøker, seier Victoria som i leseprosjektet gjerne vil lesa om Japan.
- Eg tykkjer det er spennande med krimbøker og dikt. Eg har nyleg lese spenningsromanen Hevnen, seier Alexandra som kan tenkja seg å verta meir kjend med Italia.
- Krim er favoritt hos meg, seier Mathea som har lese Dronen og vil sjå etter lesestoff om Portugal i leseprosjektet.
Dei tre elevane fortel at alle elevane startar dagen med lesekvarteret. Dette er noko dei set pris på.
- Vi går på skulebiblioteket og låner bøker eín dag kvar veke. Det er bra utval av bøker i biblioteket, men av og til manglar det gjerne nokre enkeltbøker når vi les seriebøker, seier dei tre.
Tekst og foto: Vigleik Brekke