Frå venstre; fylkesvaraordførar Stian Jean Opedal Davies, ordførar i Øygarden Tom Georg Indrevik, kaptein Andreas Slettengren, administrerande direktør i Northern Lights Tim Heijn og direrktør i Northern Lights Bjørn Jordal (operasjon og logistikk)Northern Lights er ein del av det norske Langskip-prosjektet som fangar og lagrar karbon. Injeksjon av flytande CO2 starta i august 2025. CO2 vert frakta med skip frå mellom anna Oslo og Brevik til Øygarden før det vert ført i røyr til havs og lagra permanent 2 600 meter under havet.
Northern Phoenix skal frakta CO2 frå Yara i Nederland til mottaksanlegget i Øygarden før det går i røyr ut i Nordsjøen og lagra permanent. Det er også signert kommersielle avtalar med Ørsted i Danmark, Stockholm Exergi i Sverige og Inherit.
Gudmor Linn HamreSuksess
Ordførar Tom Georg Indrevik sa i sin tale at denne dagen skulle skipet få eit namn som handlar om meir enn stål og motorar og meir enn eit skip veg til havs. Han er takksam for at Equinor, TotalEnergies og Shell står saman om dette.
- Det er eit symbol på ein moglegheit, samarbeid og engasjement meir enn nøling og forseinking. Dette fartøyet har eit unikt formål, sa ordføraren.
Han er tydeleg på at dette prosjektet er ein suksess.
- Dette har ein fått til på grunn av gode kommersielle avtalar. For oss i Øygarden kommune vil dette gje viktige arbeidsplassar kopla opp mot prosessindustrien, seier ordføraren.
Northern Phoenix er spesialbygd for sikker og effektiv transport av flytande CO2. Skipet er dedikert til å transportera CO2 frå Yara og vil spela ei nøkkelrolle i å realisera starten på kommersiell grensekryssande verksemd.
Northern PhoenixSkal utvida flåten
Administrerande direktør i Northern Lights JV, Tim Heijn, seier at med dei to første skipa allereie i drift, markerer Northern Phoenix det neste steget i oppskalering av CO2-transportkapasitet til selskapet.
- Vi ser fram til å halda fram med å utvida flåten vår og gjennomføra sikker og påliteleg CO2-transport over heile Europa», seier han.
Det var tilsett i Northern Lights, Linn Hamre, som var gudmor ved skipsdåpen. Ho ønskte Northern Phoenix og mannskapet god vind og sjø.
Andreas Slettengren er kaptein på Northern Phoenix. Han er stolt over skipet og mannskapet.
- Dette er eit stor prosjekt for framtida til beste for miljøet, seier han.
Også fylkesvaraordførar Stian Jean Opedal Davies talte på skipsdåpen.
- Her ser vi eit konkret bevis på det grøne skiftet. Dette er internasjonalt samarbeid i praksis som viser at ein går frå prat til handling, sa han.
Her er fleire bilete:
Tekst og foto: Vigleik Brekke