Frå debatten i saka om kortsiktige innsparingstiltak. På talarstolen; Espen Stølsnes Harkestad (Ap). På biletet er også varaordførar Anita Garlid Johannessen (Frp) og ordførar Tom Georg Indrevik (H).Det var ordførar Tom Georg Indrevik som presenterte eit fellesframlegg frå Arbeidarpartiet, MDG, Pensjonistpartiet, Raudt, SV, Høgre, Frp, Sotralista-TVØ, Venstre, Sp og KrF. Fellesframlegget vart vedteke med 41 røyster. INP sine fire representantar røysta imot fellesforslaget.
INP og MDG hadde ekstraframlegg som ikkje vart vedtekne (sjå nedanfor).
- Den siste veka har vi arbeidd på tvers av dei politiske grupperingane. Tida er no å jobba saman. Eg vil takka alle gruppeleiarane for at det vart mogleg å presentera eit fellesframlegg, sa ordføraren.
Fleire representantar takka ordføraren for initiativet og arbeidet med å få på plass eit fellesframlegg.
Vedtaket i kommunestyret torsdag er identisk med tilrådinga frå formannskapet, med to unnatak. Kommunestyret tar ut punktet i «Nye innsparingstiltak» om slå saman leiing og drift Skålevik/Ulveset skular og erstattar det med at kommunestyret ber om sak der ein vurderer å slå saman leiing og drift av Skålevik og Ulveset skular.
Kommunestyret ber også om at det for formannskapet og levekårsutvalet, i april, vert presentert ei oversikt over konsekvensane av dei ulike tiltaka under Oppvekst og Helse og velferd på kort og lang sikt. Dette for å sikra at dei kutta som vert vedtekne under dette tenestefeltet, vert fordelt på ein forsvarleg måte.
Vedtaket i kommunestyret inneber at innan Helse og velferd vert
- det ikkje eigenbetaling for tryggleiksalarm for minstepensjonistar
- koordinator for førebyggjande arbeide oppretthalde
- arbeidsoppmuntringspengar (dagtilbod) oppretthalde
- det ikkje eigenbetaling for transport til dagsenter.
Kostnadene med å ikkje gjennomføra desse innsparingane innan Helse og velferd er berekna til 5,8 millionar kroner.
Innan Oppvekst vedtok kommunestyret å ikkje avvikla aktivitetskort og ta vekk tilbodet om transport til ikkje-lovpålagde tenester i barnehage og skule. Det kostar til saman 1,35 millionar kroner å oppretthalda desse tilboda.
Kommunestyret vedtok vidare at ein ikkje skal ta vekk ei vakant stilling i plan og heller ikkje avvikla vaktordninga i samfunnstryggleik (administrasjon). Dette kostar totalt 850 tusen kroner.
Nye innsparingstiltak
Kommunestyret vedtok desse nye innsparingstiltaka:
- Kultur - redusera med ei stilling
- Nedtrekk bibliotek/aktivitetar
- Reduksjon i fellesfunksjonar - ytterlegare to stillingar
- Fjell Festning halvårsverknad
- Ikkje støtte til lag og org for vaksne
Dette vil gje ei innsparing i 2025 på 4,7 millionar kroner.
Utover desse endringane, vedtok kommunestyret innstillinga frå kommunedirektøren.
Totalt vil ein med vedtaket i kommunestyret gje ei innsparing på 70,3 millionar kroner i 2025. I innstillinga frå kommunedirektøren var det lagt til grunn ei innsparing på 73,3 millionar kroner for dette året.
Vedtekne kortsiktige innsparingar i 2025:
Generelle tiltak
- Restriktiv tilsettingspraksis utover spesifiserte tiltak
- Bevertning ved interne møter/kurs
- Redusert aktivitet - reiser, konferansar og kurs
Helse og velferd
- Sommarjobb for ungdom
- Aktivitet i delsentera
- Strengare praksis ved skjønsmessige vurderingar, sosialstønad
- Avvikla aksjonssenter
Oppvekst
- Redusera/avvikla eksterne kjøp av alternative læringsarena
- Prosjektstilling i barne- og familietenesta
- Vakanse i familiehelsetenesta
- Undervisningsmateriell
- Skuleturar for ungdomstrinnet
- 5. trinn, overnattingstur Fjell festning
- Vakanse i oppvekst
- Spesialpedagogar i barnehage
- Vidareutdanning, tilsette i skule
- Redusera omfang praktisk og variert undervisning i skulen
- Miljørettleiar i skulane
- MOT i ungdomsskulane frå og med 31.07.25 – justert post
Miniprogrammet «Robust ungdom» vert oppretthalde. - Halda 20 prosent av alle langvarige vikariat ledige
Samfunnsutvikling
- Ubemanna sentralbord
- Havsportveka
- Bygdebok
- Forvaltningsplan Fjell festning
- Kjøp konsulenttenester, offentleg planlegging
- Kjøp konsulenttenester, strategisk plan for klima og energi
- Vakante stillingar, reinhald
- Vakant stilling, arealforvaltning
- Vedlikehald, bygg
- Stengja basseng, Ulveset skule
- Stengja basseng, Fjell ungdomsskule
- Stengja terapibassenget, Rong
- Redusert drift Ågotnes grasbane
- Eigenbetaling symjing for barn og ungdom
- Vakante stillingar, eigedom
- Stand, OTD-messa
- Kyrkja, betaling for lokale
- Utsette service ventilasjonsanlegg til 2026
- Vedlikehald park- og grøntareal
Administrasjon
- Vakante stillingar
- Ikkje ta inn vikar ved sjukdom og permisjon
- Driftsmidlar IKT
- Ikkje kjøpe inn utstyr til beredskapslager
- Førehandsval med eigne tilsette
- Avvikla kompetanse- og bemanningssenteret
- Frikjøp tilsett, KS
- Frikjøp tilsett DigiVestland
Politisk
• Effektivisering
I kommunestyrevedtaket heiter det at ein sluttar seg til kommunedirektøren si vurdering av situasjonen og støttar at det må setjast inn tiltak som gjev varige endringar i utgiftsnivået.
Det skal arbeidast vidare med strukturelle endringar i organisasjonen.
Vidare vart det vedteke:
- Kommunestyret ber kommunedirektøren greia ut konsekvensane av å innføra eigedomsskatt på næringseigedomar.
- Kommunestyret ber kommunedirektøren gå i drøftingar med arbeidstakarorganisasjonane om retten til betalt lunsj, jf. arbeidsmiljølova §10-9 kviletid.
- Kommunestyret vedtek reduksjon i politisk verksemd ved å endra forskrift om folkevalde sin rett til godtgjersle og velferdsgode §5 : Medlemmer i plan- og miljøutvalet, levekårsutvalet, kommuneplanutvalet – 6% av ordførargodtgjersla - det vert ikkje betalt møtegodtgjersle pr. møte i tillegg. Endringa gjeld frå 27.03.25.
- Kommunestyret viser til at koordineringsutvalet tidlegare har bedt om ei sak som evaluerer forskrifta, og som vert lagt fram i forkant av budsjettet for 2026.
- Kommunestyret gjev formannskapet fullmakt til å evaluera og justera forslaga sett i forhold til utvikling i økonomien innanfor totalramma i saka. Dette skal første gang skje i samanband med presentasjon av månadsrapport for mars.
- Kommunestyret ber om sak der ein vurderer å slå saman leiing og drift av Skålevik og Ulveset skular.
- Kommunestyret ber om at det for formannskapet og levekårsutvalet, i april, vert presentert ei oversikt over konsekvensane av dei ulike tiltaka under Oppvekst og Helse og velferd på kort og lang sikt. Dette for å sikra at dei kutta som blir vedtatt under dette tenestefeltet, vert fordelt på ein forsvarleg måte.
Nye innsparingstiltak
(sjå ovanfor)
Her kan du lesa heile vedtaket (PDF, 204 kB) (punkt som ikkje er vedtekne er merkte med raudt).
Eit forslag frå INP fekk fire røyster og vart dermed ikkje vedteke. I dette forslaget står det at ein vedtek innsparingsforslaga på lista som er føreslått frå dei andre partia med unnatak av alle punkt som handlar om oppvekst. Desse skal opp til ny vurdering i kommunestyret i mai. I tillegg vert administrasjonen beden om å gjera greie for konsekvensane av innsparingsforslaga som handlar om oppvekst både sosialt og økonomisk. Denne utgreiinga skal presenterast i neste møte i levekårsutvalet og formannskapet.
Tre representantar (SV og MDG) støtta eit framlegg frå MDG om å be kommunedirektøren å greia ut konsekvensane av å innføra eigedomsskatt på bustader og fritidsbustader. Forslaget vart dermed ikkje vedteke.
To andre forslag frå MDG vart vedtekne oversendt til formannskapet for vurdering:
- Kommunestyret meiner at viss den økonomiske situasjonen betrar seg, er det viktig å arbeida for å sikra kontinuitet i tilboda som no er foreslått avvikla. Dette gjeld særleg innanfor oppvekst og tiltaka knytt til førebyggande arbeid og meir tilrettelagt og praktisk undervisning.
- Endra formulering på tiltak «Ikkje støtte til lag og org for vaksne» til «Redusere tilskot til lag og organisasjonar»
Etter at vedtaket var fatta kommenterte ordførar Tom Georg Indrevik det politiske ordskiftet på nettet knytt til denne saka.
- Det er flott at folk engasjerer seg i politisk debatt. Men eg likar ikkje at det vert ein persondiskusjon og at det vert gått til personlege angrep på politikarar og tilsette i administrasjonen, sa ordføraren.
Kommunestyremøtet vart halde i kultursalen i Øygarden rådhus.Vil oppheva Bustadstiftinga
Kommunestyret vedtok å oppheva Bustadstiftinga. Ved oppheving av Bustadstiftinga overtek Øygarden kommune alle eigendeler og gjeld tilhøyrande Bustadstiftinga.
Bustadstiftinga har ein samla eigedomsportefølje på 378 bustadar og 5 barnehagar. Det er fleire vilkår som må vera på plass før kommunestyret kan gjera vedtak om oppheving. Kommunedirektøren si samla vurdering er at desse vilkåra er oppfylte. Ved oppheving av Bustadstiftinga, vil Øygarden kommune overta anleggs- og omløpsmidlar til bokført verdi 345 millionar kroner pr. 31. desember 2023 og ei gjeld på 281 millionar kroner.
I saka skriv kommunedirektøren at oppheving av Bustadstiftinga er eit viktig første steg for å arbeida for ei samla og kraftfull bustadforvaltarteneste i Øygarden kommune. Sjølv om Bustadstiftinga isolert sett leverer gode tenester, er det etter kommunedirektøren si vurdering uheldig for både effektivitet og heilskap i tenestetilbodet med to bustadtilbydarar med same føremål.
Vedtaket skal til sist prøvast av Stiftelsestilsynet.
Avslår tilbod om direkte anskaffing av omsorgsbustadar
Kommunestyret vedtok å avslå direkte anskaffing av 41 nøkkelferdige omsorgsbustadar frå Omtanke AS. I tilrådinga til kommunestyret vert kommunedirektøren beden om å gå i dialog med utbyggjar for å vurdera om det er aktuelt å nytta tilvisingsavtale som verktøy for å realisera leilegheitsbygget.
Bakgrunnen for saka er at Øygarden kommune har fått tilbod om å kjøpa 41 nøkkelferdige omsorgsbustadar sentralt på Ågotnes. Målgruppa for bygget er eldre med vedtak om heildøgns helse- og sosialtenester. Bygget skal utformast slik at det løyser ut investeringstilskot frå Husbanken.
I vedtaket vert kommunedirektøren beden om å førebu kunngjering av ein konkurranse for bygging av omsorgsbustadar for personar med heildøgns omsorgsteneste. Prosjektet skal fylla vilkår for investeringstilskot og realiserast snarast mogleg. Vidare skal det fremjast ei sak i juni 2025 som skildrar korleis ei slik anskaffing kan gjennomførast.
Det vert bedt om at kommunedirektøren tar kontakt med Husbanken for å spela inn behovet for å raskt få på plass investeringstilskot til tryggleiksbustadar.
Bygging av omsorgsbustadar i samarbeid med private aktørar
Kommunestyret vedtok å be kommunedirektøren om å førebu kunngjering av ein konkurranse for bygging av omsorgsbustadar for personar med heildøgns omsorgsteneste. Prosjektet skal fylla vilkår for investeringstilskot og realiserast i 2029/2030. Det skal fremjast ei sak i juni 2025 som skildrar korleis ei slik anskaffing kan gjennomførast.
Ny skisse for Fjell festning kan gje open kafé og ope toalett
Kommunestyret slutta seg samrøystes til ei revidert skisse for framtidig drift av Fjell festning.
Under føresetnad om tilslutnad frå ekstraordinært årsmøte i Sotra og Øygarden forsvarsforening, skal skissa, inkludert framlegg til nye vedtekter, sendast til styret i stiftinga med oppmoding om å vedta vedtektsendringar og omdanning i samsvar med skissa og å søka stiftelsestilsynet om godkjenning av eit slikt vedtak.
Dersom årsmøtet i Sotra og Øygarden forsvarsforening sluttar seg til den reviderte skissa for framtidig drift av Fjell festning, ber kommunestyret om etablering av ei mellombels løysing for open kafé og toalett så snart som mogleg.
Dersom årsmøtet i Sotra og Øygarden forsvarsforening ikkje sluttar seg til den reviderte skissa for framtidig drift av Fjell festning, ber kommunestyret kommunedirektøren følga opp vedtaket av 23. mai 2024 om å søkja oppheving av stiftinga.
Kommunestyret slutta seg samrøystes til eit fellesforslag presentert av Silvia Haugland (H) der kommunedirektøren vert beden om å halda fram dialogen med stiftinga kring gjennomføring av ei berekraftig drift av Fjell festning. Kommunestyret vedtek forslaget under føresetnad av at styret i stiftinga vedtek vedtektsendringane skissert i vedlagde avtale.
Drøfting i ein pause i saka om Fjell festning.Fremjar ikkje innbyggjarforslag
Kommunestyret vedtok å ikkje fremja eit innbyggjarforslag knytt til framleis drift av Terna barnehage. Saka stod på dagsorden ettersom Renate Sæle og Linn Therese Hagen har sendt klage etter at kommunestyret i februar vedtok ikkje å behandla innbyggjarforslaget.
Fem representantar (INP og Raudt) støtta eit framlegg frå Raudt om at kommunestyret behandlar forslaget og ber administrasjonen førebu sak og kontrollera det talgrunnlaget som kjem fram i forslaget.
Finansrapport
Kommunestyret vedtok å ta finansrapport per 31. desember 2024 til orientering slik han ligg føre. Kommunestyret gjer endeleg vedtak.
Delegasjon av vedtaksmynde til plan- og miljøutvalet
Kommunestyret vedtok å delegera vedtaksmynde etter plan- og bygningslova § 12-14 siste ledd til plan- og miljøutvalet, for oppheving av utgåtte/erstatta planar som er i vesentleg strid med overordna plan, jf. kommunelova § 5-3 tredje ledd.
Vedtok retningslinjer for påkopling til offentleg vatn og avlaup
Kommunestyret behandla ei sak om beløpsgrense for å innvilga fritak frå kravet til å kopla seg på vatn- og avlaupsanlegg. Det vart gjort følgjande vedtak om retningslinjer:
- Dersom kostnaden til investering i privat anlegg for å nå fram til offentleg vassleidning er større enn 0,75G kan kommunen vurdera å godkjenna anna ordning.
- Dersom kostnaden til investering i privat anlegg for å nå fram til offentleg avlaupsleidning er større enn 2,5G kan kommunen vurdera å godkjenna anna ordning.
- Dersom kostanden til investering i privat anlegg for å nå fram til vass- og avlaupsleidning samla er større enn 2,5G kan kommunen vurdera å godkjenna anna ordning.
- Dersom det nyleg er gjort store investeringar i eksisterande private anlegg og desse anlegga fungerer tilfredsstillande, kan krav om offentleg tilknyting utsetjast med inntil 10 år.
- Summane i punkt 1, 2 og 3 er rettleiande og gjeld for bustadar.
- Utgangspunktet for vurdering av kostnaden er huseigar sin del av nødvendige investeringar i private anlegg.
- Det skal vurderast moglegheit for fellesløysingar.
Vedtaket gjeld frå vedtaksdato i kommunestyret, og erstattar tidlegare vedtak 107/20, datert 18. juni.2020.
Godkjende tre årsmeldingar
Kommunestyret godkjende årsmeldingane frå ungdomsrådet, eldrerådet og råd for personar med funksjonsnedsetjing og tok dei til orientering slik dei låg føre.
Val
Det vart gjort nokre val av medlemmar og varamedlemmar til råd og utval:
- Eva Aarskog (SV) flyttar frå Øygarden og hennar verv må dermed erstattast. Symphorien Pymbe vert nytt medlem i kommunestyret for SV. Ny 1. vara for SV vert Maila Oen Hellesøy. Hennar plass i formannskapet vert erstatta med Jonas Aleksander Foldnes (SV). Han får fritak for vervet sitt i plan- og miljøutvalet. Foldnes vert erstatta med Symphorien Pombe (SV) i utvalet.
- Nytt medlem i forliksrådet vert Glenn Bjærum. Som varamedlem vart vald Ellen Pedersen.
Eva Aarskog nytta høvet til å takka for samarbeidet i kommunepolitikken. Ho skal no flytta til Askøy og må av den grunn tre ut av dei poliske verva i Øygarden kommune.
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.
Her er opptak frå møtet på kommune-TV.
Tekst og foto: Vigleik Brekke