Slovakia ser til Øygarden

Dette skjer på bakgrunn av av eit bilateralt prosjekt med kommunen Svidnik i Slovakia Øygarden kommune frå 9. til 12. desember. 

Delegasjonen møtte leiinga i Øygarden kommune på rådhuset 9. desember - Klikk for stort bileteDelegasjonen møtte leiinga i Øygarden kommune på rådhuset 9. desember

Delegasjonen på 14 representantar fekk sjå og høyra korleis Øygarden kommune arbeider innanfor ei rekkje felt, politikk og leiing, førebygging og beredskap, tverrsektorielt samarbeid og arbeidet til Øygarden kommune med å vere ein lærande organisasjon. 

Tranevågen ungdomsskule hadde eit skuleorientert besøk dei fekk delta i jobbskugging og fekk vita meir om korleis leiinga fungerer på ein skule.

I tillegg fekk delegasjonen ei rundreise i kommunen der dei mellom anna fekk sjå og høyra om Fjell festning og Nordsjøfartmuseet i Telavåg. Middagen på Glesvær kafè, kulminerte i at delegasjonen fekk ei fantastisk musikalsk helsing på vegen heimatt frå eit lokalt toradarorkester.

Borgarmeisteren, Marcela Ivanckova, oppsummerte sjølv med at det hadde vore veldig inspirerande å besøka Øygarden. Våre to kommunar har fleire liknande utfordringar i framtida, og det er fint å ha ein internasjonal samarbeidspart der ein kan få innspel og tankar om vegar å gå i møte med det som kjem.

Ein mindre delegasjon frå Øygarden kommune skal besøka Svidnik i slutten av januar, og borgarmeisteren håpar og trur at dei som reiser vil få både inspirasjon og glede gjennom å besøka byen i nordaustlege delar av Slovakia.

Her er fleire bilete frå besøket

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

 

Tekst og foto: Rune Golf, skulesjef i Øygarden kommune