Snakka om open dialog og nettverksmøte

Rask psykisk helsehjelp (RHP) har ein årleg konferanse for alle RPH-ane i landet. På konferansen i Oslo denne veka var 86 RPH-kommunar til stades.

Else Norunn Skjæveland (til venstre) og Aud Eli Waage - Klikk for stort bileteElse Norunn Skjæveland (til venstre) og Aud Eli Waage

Øygarden kommune RPH ved Aud Eli Waage og Else Norunn Skjæveland var inviterte til å snakka om open dialog og nettverksmøte og satsinga til kommunen på dette feltet.

Open dialog og nettverksmøte er ein måte å møta innbyggjaren på, der både brukarperspektivet og pårørandestøtte blir ivaretatt.

Øygarden kommune har i dag over 20 tilsette som er opplært som nettverksmøteleiarar. I desse dagar vert det gjennomført ei ny kursrekke med 25 tilsette, der medarbeidarar frå heimetenester, BUFT (Barn, unge og familietenester), MMNF (Menneske med nedsett funksjonsevne) støtte og forvaltning  deltek. Målet er å løfta denne måten å møta menneske på, som ein sentral måte i heile Øygarden kommune. 

Opplæringa er eit ledd i støtte til pårørande med særs tyngande omsorgsoppgåver. Kommunen har fått midlar frå Helsedirektoratet til dette.


Tekst og foto: Therese Helgesen