Søk om tilskot til integreringsarbeid
Det er framleis mogleg å søkja om tilskot til integreringsarbeid frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi). Kultur opplyser at det er om lag 230 tusen kroner igjen i potten.
Ill.bilete. Frå samlinga til Den Sotra Arabiske kulturelle foreining på Fjell ungdomsskule.Hovudmål med tilskotsordninga er å auka arbeids- og samfunnsdeltakinga blant personar med innvandrarbakgrunn. Målgruppa for ordninga er innvandrarar, norskfødde med innvandrarforeldre og andre i befolkninga elles.
Kven kan søkja?
Denne tilskotsordninga gjeld alle typar frivillige organisasjonar som ønskjer å setja fokus på integrering og har adresse i Øygarden kommune.
Organisasjonen må vera registrert i Frivilligheitsregisteret, og ha hovudandelen av sine medlemer i Øygarden kommune.
Her finn du meir informasjon og høve til å søkja om midlar.
Døme på mottakar av tilskot
Den Sotra Arabiske kulturelle foreining har samling på Fjell ungdomsskule kvar sundag ettermiddag der 70 barn og 16 vaksne er samla til fleirkulturelt fellesskap, leksehjelp, aktivitetar og måltidsfellesskap. Denne foreininga har fått støtte til arbeidet frå IMDi.
Her kan du lesa meir om kva deltakarane får vera med på.
Publisert 21.04.2026 14.17