Songen nådde fram til hjarto

Det var trampeklapp då demenskoret i Øygarden hadde slutta av julekonserten i Foldnes kyrkje torsdag kveld med Deilig er jorden.

Det var Berit Anita Knudtsen Larsen som på vegner av styret i Treff+ ønskte velkomen til konsert i eit nydeleg pynta kyrkjelokale.

- Har du nokon gong tenkt kor kjedeleg livet og ikkje minst verda hadde vore utan oss, sa den frimodige styreleiaren før ho slapp til koristane med dirigent Erika Kroken og musikkterapeutane Elena Kramaridis (pianist) og Camilla Kolbeinsen og Rune Lynglund (kornett) som gode hjelparar. 

Repertoaret var naturlegvis prega av at det var julekonsert. Det lyser i stille grender, Glade jul, Mitt hjerte alltid vanker, En stjerne skinner i natt og Deilig er jorden høyrde med. Dette var julesongar som gjekk frå hjarta til hjarta. Og song ved fire jenter frå kulturskulen og Danielsen Sotra bidrog også til at dette vart ei stor oppleving for alle som var i Foldnes kyrkje torsdag kveld.

Frå venstre; Mia Straume Våge (3a Brattholmen skule), Leah Lynglund Kroken (5. kl. Danielsen Sotra), Ingrid Klepsvik (5. kl. Danielsen Sotra) og Oda Straume Våge (3a Brattholmen skule). - Klikk for stort bileteOgså barn frå kulturskulen deltok med song på konserten. Frå venstre; Mia Straume Våge (3a Brattholmen skule), Leah Lynglund Kroken (5. kl. Danielsen Sotra), Ingrid Klepsvik (5. kl. Danielsen Sotra) og Oda Straume Våge (3a Brattholmen skule).

Varaordførar Anita Garlid Johannessen var begeistra for det ho fekk vera med på.

- Eg har nesten ikkje ord. Då eg gjekk på skulen på Brattholmen song me mykje. Mine favorittar fekk eg her i kveld med De nære ting og En stjerne skinner i natt, sa varaordføraren.

Jamleg møter 13-14 opp på øvingane i demenskoret.

- Målet er å gje deltakarane ei god oppleving både på øvingane og konserten. Nokre er nok litt avventande til å delta på konsert, seier dirigent og musikkpedagog Erika Kroken i Øygarden kulturskule.

Frå venstre: Elena Kramaridis, Camilla Kolbeinsen, Rune Lynglund, Berit Anita Knudtsen Larsen, Anita Garlid Johannnessen og Erika Kroken. - Klikk for stort bileteSentrale aktørar på konserten. Frå venstre: Elena Kramaridis, Camilla Kolbeinsen, Rune Lynglund, Berit Anita Knudtsen Larsen, Anita Garlid Johannnessen og Erika Kroken.

Saman med Elena Kramaridis og Camilla Kolbeinsen utgjer Erika Kroken ein viktig musikalsk trio for kormedlemene.

- Vi legg vekt på å bruka songar koristane kan frå før. Dei treng melodien for å kjenna igjen songane. Seinare vil vi gjerne utforda det kognitive meir og læra dei nye og ukjende songar, seier Camilla.

- Deltakarane i koret lever på musikkminne, seier Elena som var pianist på konserten. 


Tekst og foto: Vigleik Brekke