Sotra legevakt til topps

Det var så mange gode kandidatar til arbeidsmiljøprisen 2024 at alle dei tre beste vart hylla på kommunestyremøtet på torsdag. Førsteprisen og 15 tusen kroner gjekk til Sotra legevakt.

Glade prismottakarar i Sotra legevakt. Frå venstre; Marte Sværen, Elin Dahl Thomassen ( bak) , Marit Broch og Christin Mork.  - Klikk for stort bileteGlade prismottakarar i Sotra legevakt. Frå venstre; Marte Sværen, Elin Dahl Thomassen ( bak) , Marit Broch og Christin Mork.

Kommunedirektør Johnny Breivik las opp grunngjevinga frå juryen, medan ordførar Tom Georg Indrevik delte ut prisane. 

Prisvinnarane frå Sotra legevakt var tydeleg stolte over å ha fått arbeidsmiljøprisen for 2024.

- Det var utruleg kjekt å bli tildelt arbeidsmiljøprisen. Vi har ein fantastisk arbeidsplass med så mange flinke tilsette. Det er stas å bli anerkjent for arbeidet vi gjer, seier leiar Sotra legevakt og psykososialt kriseteam, Christin Mork.

I kåringa vart MMNF Åttringen ein god nummer to og Tranevågen ungdomsskule nummer tre. MMNF (menneske med nedsett funksjonsevne). 

- Begge har levert gode søknader som viser at dei fortener heider og ære for sine fokus på arbeidsmiljøet, skriv arbeidsutvalet i arbeidsmiljøutvalet som har vore jury.

Frå kommunestyresalen - Klikk for stort bileteFrå utdelinga i kommunestyresalen

Juryen skriv at vinnaren Sotra legevakt har systematisk hatt eit fokus på klimaet i arbeidsmiljøet og presenterer til dømes nytilsette for forventninga om fokus på framsnakk.

- Sotra legevakt har tid tider svært krevjande arbeidsoppgåver med til dømes sorg og kriser, og med ulike tiltak støttar dei kvarandre og dermed balanserer belastningane, heiter det frå juryen.

I søknaden kjem det også fram at dei har grundige opplæringsplanar for nytilsette og jobbar systematisk med arbeidsmiljøet og nærvær.

MMNF Åttringen fekk 2. premie.  Frå venstre; Ann Christin Thorsen (miljøarbeidar),  Vivian Kvinge (avdelingsleiar), Jannicke Johannessen (miljøarbeidar) og Rebecca Hansen (miljøterapeut). - Klikk for stort bileteMMNF Åttringen fekk 2. premie. Frå venstre; Ann Christin Thorsen (miljøarbeidar), Vivian Kvinge (avdelingsleiar), Jannicke Johannessen (miljøarbeidar) og Rebecca Hansen (miljøterapeut).

Også dei tilsette på MMNF Åttringen er stolte over andreplassen og heider og ære. Einingsleiar Vivian Kvinge seier at det er stor stas for Åttringen å få 2. plass.

- Det å vita at arbeidet vårt vert lagt merke til, gjev oss motivasjon til vidare arbeid. Vi er ei lita og stabil tilsettgruppe som står på og er til stades for tenestemottakarane og kollegaer. Etter kommunesamanslåing, Covid og effektivisering av tenestene er dette ekstra stas. Vi er sjeldan i kontakt med kommuneleiinga. Så det å få vera med på ei slik utdeling av pris, er kjekt, seier ho.

Godt samhald

På grunn av ei misforståing, var ikkje Tranevågen ungdomsskule med på sjølve utdelinga i kommunestyresalen på torsdag. Hilde Stigen, som er verneombod på ungdomsskulen, seier at skulen er glad for å ha blitt nominert til arbeidsmiljøprisen og er stolte av å få tildelt 3. plass.

3. premien gjekk til Tranevågen ungdomsskule. Frå venstre; ordførar Tom Georg Indrevik, kommunalsjef for Oppvekst Marius Sylta, verneombod Hilde Stigen, rektor Martha Helen Listou, barne- og ungdomsarbeidar Anne Lisbeth Lie og lektor Ole Jakob Nilsen. - Klikk for stort bilete3. premien gjekk til Tranevågen ungdomsskule. Frå venstre; ordførar Tom Georg Indrevik, kommunalsjef for Oppvekst Marius Sylta, verneombod Hilde Stigen, rektor Martha Helen Listou, barne- og ungdomsarbeidar Anne Lisbeth Lie og lektor Ole Jakob Nilsen.

- På Tranevågen har vi eit godt samhald og er flinke til å støtta kvarandre. Vi er opptatt av at alle skal bli sett, føla seg ivaretatt og kjenna at dei gjer ein god jobb. Vi har mange gode tankar for det vidare arbeidet med HMS-arbeidet på skulen vår, seier Hilde Stigen.


Tekst og foto: Vigleik Brekke