Sotrasambandet: Omkøyring ved Drotningsvik senter

I samband med etableringa av tunnelløp frå Stiavatnet i Drotningsvik, vert det mellombels omkøyring på riksveg 555 frå fredag 28. juni klokka 05.00.

Omkøyringa er om lag 250 meter lang og strekkjer seg frå avkøyringa ved Drotningsvik senter i retning mot Bergen. Vegen vert tilbakeført til to felt i begge retningar.

Sotra Link opplyser på nettsida at påkøyringsrampa frå Janaveien i retning Bergen, vil få tilbake eitt flettefelt. Dette, saman med redusert fartsgrense til 50 kilometer i tien vil gjera det enklare og tryggare å køyra inn på riksveg 555.

Slik vert den nye brua bygd

Sakte, men sikkert reiser dei to tårnbeina seg i Knarrvika. Arbeidet med den nye brua er snart inne i sitt andre år. Her kan du lesa status for arbeidet juni 2024. Namnet på det nye brua er ikkje fastsett.



Kartskisse:  Sotra Link