Sotrasambandet: Startar arbeidet med Straumetunnelen

Arbeidet med tunnelen under Straume startar opp i midten av juni. Det vert arbeid heile døgeret, men ikkje støyande arbeid mellom klokka 23.00 og 07.00.

Området ved Stovevatnet. - Klikk for stort bileteArbeidet med Straumetunnelen startar frå aust ved Stovevatnet. Statens vegvesen/Sotrasambandet

Sotra Link opplyser at det kan skje avvik frå tidene der det ikkje skal vera støyande arbeid. Det er venta at arbeidet startar opp i veke 24/25. Sprenginga startar frå aust ved Stovevatnet. Tunnelen går under Straume sentrum og kjem ut ved Straumssundet.

Det vert gjort merksam på at fjellsprenging kan opplevast som ubehageleg. Kraftige smell og ristingar kan opplevast skremmande både for menneske og dyr. 

- Sprengingane kan difor opplevast som kraftige og svært ubehagelege utan at det er fare for skader på bygninga du oppheld deg i, opplyser Sotra Link.

Boring i fjell skjer med kraftige og støyande maskiner, og lyd frå boret som slår i fjellet kan forplanta seg i grunnen og inn i bygningar.

Det vert vibrasjon i grunnen ved sprenging, men det er klare retningslinjer i Norsk Standard som fastset rettleiande grenseverdiar for lovlege vibrasjonar.