Sparer mykje tid på å sykla i jobben

Tove Iren Vindenes brukar seks minutt frå ho forlét arbeidspulten i familiehjelpa i Blombakkane til ho er på plass på barnevernet på Thon Senter Sartor når ho nyttar sykkel.
- Fleire vil ha stor nytte og god gevinst av å bruka sykkel i jobben, meiner Tove Iren.
 

Ordføfar Tom Georg Indrevik og Tove Iren Vindenes oppmodar fleire til å sykla. - Klikk for stort bileteOrdføfar Tom Georg Indrevik og Tove Iren Vindenes oppmodar fleire til å sykla.

Til dagleg er ho landsbyrettleiar ungdom i familiehjelpa. På onsdag møtte ho opp saman med ordførar Tom Georg Indrevik på Byt gir-markeringa i Grønemyrvegen i regi av Miljøløftet. 

- Skal eg flytta meg frå familiehjelpa til barnevernet tek det 15 minutt å gå og endå lengre tid om eg skal køyra med bil. Dette er praktisk, og med sykkel brukar eg seks minutt og får dermed både betre tid til andre ting, klarna hovudet litt og bevega meg, seier Tove Iren Vindenes.

Familiehjelpa har eigen sykkel (ikkje elektrisk), og landsbyrettleiaren fartar ofte mellom lokala til familiehjelpa, barnevernet på senteret, rådhuset og psykisk helse på Skjenet. Den ivrigaste, superbrukaren Tove Iren, brukar sykkelen minst fem gonger i veka. Dette må vel vera det vi kan kalla dokumentert effektivisering.

Tove Iren Vindenes - Klikk for stort bileteTove Iren Vindenes

- Eg har innimellom sett kollegaer som brukar sykkelen, sjølv om det ikkje er så ofte. Sjølv kjenner eg meg litt som i Brelett-reklamen når eg syklar mellom dei ulike lokasjonane. Hadde ikkje familiehjelpa hatt tilgjengeleg sykkel, hadde eg nok ikkje brukt sykkel særleg, seier Tove Iren Vindenes.

Også sjukepleiar på Straume bru- og servicesenter, Helga Husebø, tok turen bort til Byt gir- arrangementet og fekk gratis sykkelservice av gode medarbeidarar i Basecamp.

- Eg bur så nær arbeidsplassen min at eg treng ikkje sykla til og frå jobb, men eg syklar av og til og hentar barnet i barnehagen. Elles syklar eg ein god del i fritida, seier ho.

Kvifor er sykling bra?

- Det er godt for miljøet og kroppen. Det er godt å få lufta hovudet litt. Eg tar gjerne guten med på sykkeltur, men eg gjer det like mykje for min eigen del. Eg oppmodar fleire til å sykla, seier Helga Husebø.

Helga Husebø fekk sykkelservice på sykkelen sin - Klikk for stort bileteHelga Husebø fekk sykkelservice på sykkelen sin

Formålet med Byt gir er å få fleire til å bruka sykkelen meir og gjerne bruka sykkelen til jobb og i jobb.

Basecamp var på plass med tre medarbeidarar.Dei hadde oppdrag heile tida under Byt gir-arrangementet mellom klokka 10 og 14.

Hugs også at den 5. mai starta aksjonen Sykle til jobben. Tilsette i Øygarden kan delta i den kampanjen gratis. Les meir om dette her.

Her er fleire bilete:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
April Hagen (til venstre) og Mia Shrøder frå Bergen Live representerete Miljøløftet - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke