Sprek juleavslutning i Hjeltefjorden Arena

Siste trening torsdag 7. desember vart markert med juleavslutning for 66 seniorar på Seniortrimmen i Hjeltefjorden Arena. Sidan Seniortrimmen vart stifta 2. juni 2022, har fleire og fleire funne vegen til Hjeltefjorden Arena kva torsdag klokka 10.30. 

Fleire og fleire deltek på seniortrimmen - Klikk for stort bileteFleire og fleire deltek på Seniortrimmen. Unni Sørensen

Her kan ein velja mellom trim og balansetrening. Etter treninga er det lunsj i kaféen, og frå klokka 12 er det symjing for dei som ønskjer det (maks 15 personar).

Frivillige frå Øygarden idrettslag stiller opp kvar torsdag for å dekka til rundstykke, frukt og kaffi til alle etter treninga. Dette er eit fantastisk tilbod som seniorane set stor pris på. Mange av dei eldre stiller opp som frivillig når det er idrettslaget som har arrangementa. Dette er eit døme på godt samarbeid mellom både mellom organisasjonar og generasjonar.

Styreleiar Ramona Hellesund takka triminstruktør Else Gjøen Madsen for at ho stiller kvar torsdag. Ho takka også Øygarden idrettslag ved dagleg leiar Kim Rune Hellesund for den gode lunsjen som dei ordnar til. Det betyr mykje etter ein time med trening! Else takka Ramona og styret og fortalde at ho sett så stor pris på å få vera med som trenar med alle dei flotte deltakarane. 

Frå kjøkenet - Klikk for stort bilete Unni Sørensen

Jorunn Kallekleiv takka spesielt Ramona for at ho stiller kvar einaste torsdag og alltid stepper inn der det trengst. Unni Sørensen frå kultureininga takka styret, men også alle deltakarane som kjem kvar torsdag

- Den store oppslutninga viser at dette tilbode er verdsett og eit behov her i nord, sa ho.

Så reiste alle seg og song «Deilig er jorden».

Ein av deltakarane tok Else i handa og takka for treninga som har gjort at ho har fått ein betre helse

 - Eg er blitt eit heilt nytt menneske etter eg starta og trena her, sa ho. 

No gjeldt det å gå mykje tur i jula, slik at forma heldt seg til over nyåret.

Styret består av: Ramona Hellesund, Torill Hellesund, Torunn S. Tjong, Lillian Torsvik, Jorunn A T Kallekleiv, Torild Misje og Unni Sørensen (Øygarden kommune).

Treninga startar opp att torsdag 4. januar – velkomen til alle!