Sprengingsarbeid ved Straume Sjøfront og steinknuseverk på Kolltveit

I samband med tilkomstveg til arbeidsområdet på Straume, vert det gjennomført sprengingsarbeid frå torsdag 13. juni. På Kolltveit vert det i juni etablert steinknuseverk.

Skisse som viser tilkomstvegen - Klikk for stort bileteSkisse som viser tilkomstvegen Sotra Link

Sotra Link opplyser at ein må rekna med noko støy i samband med sprengingsarbeidet ved Straume Sjøfront. Kvar avfyrte salve vert som vanleg varsla på SMS om lag 30 minutt før sprenging, og med kraftig sirene i området i om lag 1 minutt. Tilkomstvegen går frå riksveg 555 og ned mot Straumsundet.

Ved sprenging vert vegen stengt i ein kort periode. Det er forventa at sprengingsarbeidet er ferdig utført i løpet av veke 27.

Steinknuseverk på Kolltveit

I juni 2024 vert det etablert steinknuseverk på Kolltveit, for å gjenbruka overskotsmassar frå tunneldriving og sprengingsarbeid.

Sotra Link skriv på nettsida at det er ønske om å gjenbruka eller gjenvinna mest mogleg av overskotsmassane som oppstår ved bygginga av nye riksveg 555.

Sotra Link

Tiltak før etablering av steinknuseverk

Sotra Link opplyser at selskapet alltid prøver å plassera steinknuseverk lengst mogleg unna naboar, og der det er mest mogleg naturleg støyskjerming frå terreng.

Det vert sprøyta vatn på sjølve steinknuseverket og på lagra oppknuste steinmassar når det er behov for å dempa støving i tørre periodar.

Les meir på nettsida til Sotra Link.


Tekst: Vigleik Brekke