Statsbudsjettet: Omstillinga i Øygarden må gjennomførast

Framlegget til statsbudsjettet viser at Øygarden får ein vekst i frie inntekter (skatt og rammetilskot) på 6,1 prosent neste år. Dette er ein auke på 178 millionar kroner i forhold til i år.

Kommunedirektør Johnny Breivik - Klikk for stort bileteKommunedirektør Johnny Breivk

Årsaka til inntektsauken skuldast mellom anna nytt inntektssystem som inneber at inntektene første året vil vera om lag 12 millionar kroner høgare enn dei siste åra.

- Vi gler oss over auka inntekter, men med tanke på alle utfordringane for Øygarden kommune i tida som kjem, må omstillingsarbeidet vidareførast med full styrke, seier kommunedirektør Johnny Breivik.

I framlegget til statsbudsjett legg regjeringa til grunn ein vekst frå 2024 til 2025 i frie inntekter for kommunane og fylkeskommunane samla i landet på om lag 6,8 milliardar kroner. Dette utgjer ein auke på 5,8 prosent for landet og 6,1 prosent for Øygarden.

Veksten i frie inntekter skal mellom anna dekkja kostnader som følgje av
befolkningsutviklinga med fleire eldre innbyggjarar. Deflatoren (løns- og prisvekst) er i
framlegget til statsbudsjett 4,1 prosent. Denne er samansett av lønsvekst (4,5 prosent) og
prisvekst (3,5 prosent).

Sjølv om auken i frie inntekter vil vera kjærkomen, viser kommunedirektøren til mange utfordringar for Øygarden kommune. Kommunen har ein stor vekst i eldre i åra framover. Dette inneber at kapasiteten innan dette området må aukast. Det er eit stort og vedvarande vedlikehaldsetterslep knytt til kommunale bygg og infrastruktur.

- Stadig fleire har behov for sosialstønad og auken innan barnevern og spesialpedagogikk er krevjande å handtera. Det er difor framleis behov for omfattande omstilling i kommuneorganisasjonen for å sikra ei økonomisk berekraftig utvikling, seier kommunedirektøren.

Andre framlegg frå regjeringa:

  • Meirverdiavgifta på vatn- og avlaupsgebyr vert redusert frå 25 prosent til 15 prosent frå 1. mai 2025.
  • Regjeringa gjer framlegg om ei tilsegnsramme i 2025 for investeringstilskot for om lag 1 500 heildøgns omsorgsplassar.
  • Tilskotsordninga for utstyr og læringsarenaer er vidareført og styrkt.
  • Investeringsramma for rentekompensasjonsordninga vert auka, slik at kommunar og fylkeskommunar slepp å betala renter når det vert gjort store investeringar i læringsarenaer og utstyr som bidreg til meir praktisk og variert opplæring.
  • Ny offentleg AFP vert innført frå 1. januar 2025. Regjeringa vil koma tilbake til verknader av og kompensasjon i revidert nasjonalbudsjett for 2025.