Stengjer avkøyringsrampe mot Storskaret

Avkøyringsrampa på riksveg 555 frå vest mot Storskaret (fylkesveg 209) er no stengt og skal vera stengt for trafikk fram til Sotrasambandet er klar til bruk i juni 2027. All trafikk frå nord og vest til Straumeområdet, Kystbygarasjen, og Søre Straume må difor gå gjennom Straume sentrum.

Avkøyringsrampa frå riksveg 555 frå vest vert stengt i anleggsperioden. - Klikk for stort bileteAvkøyringsrampa frå riksveg 555 frå vest vert stengt i anleggsperioden.

Påkøyringsrampa frå fylkesveg 209 inn på riksveg 555 vil vera open for trafikk. 

Sotra Link opplyser at det er nødvendig å stengja avkøyringsrampa på riksvegen frå vest for å få gjennomført arbeidet med Sotrasambandet. Det gjeld mellom anna arbeidet med brussøylene til overgangsbru for fotgjengarar. Arbeidet med brusøylene vert etter planen starta opp i løpet av november.

Konsekvensen vert noko meir trafikk gjennom Straume sentrum. Sotra Link opplyser at det er gjennomført trafikksimulering som viser at trafikken skal gli rimeleg greitt. Sotra Link startar no med å tappa ned Stovevatnet. Dette vil merkast for dei som bur i området eller køyrer forbi.

Ordførar Tom Georg Indrevik oppmodar alle til særleg å ta omsyn til mjuke trafikantar når det no vert meir trafikk gjennom Straume sentrum.

Skisse over planlagt arbeid. - Klikk for stort bileteSkisse over planlagt arbeid.


 

 

 

 

 

 

 

 

Skissa viser området etter fullført arbeid. - Klikk for stort bileteSkissa viser området etter fullført arbeid.

 

 

 

 

 

 

 

Les om status for dei ulike områda for Sotrasambandet her (lenkje til Sotra Link).


Tekst og foto: Vigleik Brekke
Skisse: Sotra Link