Stengjer eitt felt om natta på riksveg 555

Eitt av felta på riksveg 555 vert stengt om natta i fire døger i området ved Stovevatnet/Stekervika frå fredag 19. april.

Bilete/skisse: Sotra Link

Det skal etablerast ei omkøyring på riksvegen, og det er i samband med etableringa av denne at eitt felt vert stengt i perioden kl. 22.00 – 05.30 frå fredag 19. april til tysdag 23. april.

Det vert manuell dirigering mellom klokka 22.00 og 05.30. Stenginga av det eine feltet gjeld ei strekning på om lag 200 meter.

Sotra Link opplyser at vegen må leggjast om for å etablera fundament til ny gangbru i området der eksisterande riksveg 555 ligg. Omkøyringa vert teken i bruk frå 23. april.

Påkøyringsrampa frå fylkesveg 561 til riksveg 555 ved Stekervika vert ikkje påverka av arbeidet og vil vera open som normalt.