Stengjer Straumsundet for sjøtrafikk og innsnevrar køyrebanen
I samband med arbeid med ny bru over Straumsundet, vert Straumsundet stengt for sjøtrafikk under byggjeperioden. Riksveg 555 får innsnevra køyrebane kveld og natt. Måndag 22. januar er det oppstart av arbeid i Bildøybakken.
Brua over StraumsundetBrua er planlagt som ei firefelts vegbru og skal liggja sør for og parallelt med eksisterande bru. På nordsida av dagens vegbru skal det byggjast gang- og sykkelbru. Begge bruene vert fleirspenns plasstøypte betongbruer.
På grunn av tunge løfteoperasjonar og anleggsrisiko vil Straumsundet i anleggsperioden vera stengt for sjøtrafikk. Arbeidstider er måndag til fredag klokka 07.00-20.00 og laurdag kl. 08.00-18.00. Planlagt oppstart er veke 6 og fullføring i veke 22 i 2025.
Vegtrafikken over brua
Frå 1. februar og ut mai 2024, vert brua over Straumsundet innsnevra til ein køyrebane om kvelden og natta mellom klokka 22.00 og 05.30. Ei på kveld og natt, mellom 22.00-05.30 fire netter i veka (måndag til fredag). Ein køyrebane vert open med lysregulering.
Bildøybakken
Måndag 22. januar startar arbeidet langs Bildøybakken. Det skal leggjast ein kabel for intrastruktur under bakken. Vegen vert delvis stengd i eitt køyrefelt. Det vert ferdsel i begge retningar og lysregulering. Arbeidet vert avslutta i slutten av mai.
Les meir på nettsida til Sotra Link.
Publisert 19.01.2024 10.42