Stolte skodespelarar på filmframsyning

Roselin Wilborn Larsen og Ella Sofie Dale Gustavsen var to av barna som kjende på litt spenning i kroppen då den prislønte filmen Halvportrett vart vist i kultursalen på Øygarden rådhus tysdag ettermiddag.

Det var stort for Roselin Wilborn Larsen (til venstre) og Ella Sofie Dale Gustavsen å få vera med å filmframsyning for foreldre og dei andre barna. - Klikk for stort bileteDet var stort for Roselin Wilborn Larsen (til venstre) og Ella Sofie Dale Gustavsen å få vera med på filmframsyning for foreldre og dei andre barna.

I ein 33 minutt lang dokumentarfilm møter vi barnehagebarn i Øygarden som får vera med og utforska livet både under og over vassflata. Filmen frå Knappskog barnehage i regi av BARNkunne og Medielab (Høgskulen på Vestlandet) vann prisen i sterk konkurranse med 27 andre kandidatar frå heile verda på Tromsø Educational Film Festival den 15. mars.

- Ja, eg er jo litt stolt. Det var veldig gøy. Kanskje blir filmen vist på TV, seier Roselin (6) optimistisk saman med Ella (6) etter at filmen vart vist for barn og foreldre. Filmen vart laga for bortimot to år sidan. Dei to jentene var fire år då dei var med på innspelinga. 

Og jentene kan få rett. Professor i barnehagepedagogikk og forskingsleiar på BARNkunne på Høgskulen på Vestland, Elin Eriksen Ødegaard, kunne røpa at kanskje vert filmen vist på NRK Kunnskapskanalen ved seinare høve. Filmprosjektet har fått støtte frå Forskingsrådet og Norsk kulturråd. 

Alt det som skjer i havet er viktig for oss, sa ordførar Tom Georg Indrevik. - Klikk for stort bileteAlt det som skjer i havet er viktig for oss, sa ordførar Tom Georg Indrevik.

Eriksen Ødegaard er leiar for One Ocean Utforsking, med Eya Oropilla som medforskar. Dette er eit prosjekt om barn og deira utforsking og forståing av havet. Formålet er å studera og forstå utforsking i samarbeid og korleis ein kan byggja opp ein pedagogisk kultur for utforskinga til barna. Samarbeidet mellom forskarar og barnehage kan bidra til at nye generasjonar får kunnskap om havet.

Filmen er laga av Ferruccio Goia. Kunstpilotene ved Andre Marandon og Anette Marandon losar barna gjennom det spennande møtet med naturen langs stranda og sjøen. Barna fekk vera med på ein prosess med å laga papir, alt av og i naturen. I tillegg til barna og kunstnarane deltek barnehagetilsette og forskarar i filmen. På slutten av filmen er det utstilling i lyngheia like ved barnehagen på Knappskog.

Også Spildepollen kystbarnehage har delteke i dette kunst- og forskingsprosjektet. Her kan du lesa meir kva barna der har vore med på.

Og kunnskap om havet og kystkulturen er også hovudtema i ein kort film laga i Klokkarvik barnehage. Denne filmen vart også vist på samlinga tysdag ettermiddag. Her får barna eit møte med kystkulturen og bestegenerasjonen som er dei beste til å formidla denne kulturhistoria. Målet er å gje kunnskap om kystkulturen og havet til nye generasjonar. Prosjektet har vart mellom anna gjennomført i samarbeid med Sund kystlag og båtlaget i Moloen.

Frå venstre; barnehagesjef Trond Heggestad,  Eya Oropilla (professor HVL), Ferruccio Goia (filmskapar), Kjartan Lerøy Grønhaug (musikar), professor Elin Eriksen Ødegaard, styrar på Knappskog barnehage Nina Turøy og styrar på Klokkarvik barnehage Vibecke E. Gunby. - Klikk for stort bileteFrå venstre; barnehagesjef Trond Heggestad, Eya Oropilla (professor HVL), Ferruccio Goia (filmskapar), Kjartan Lerøy Grønhaug (musikar), professor Elin Eriksen Ødegaard, styrar på Knappskog barnehage Nina Turøy og styrar på Klokkarvik barnehage Vibecke E. Gunby.

Ordførar Tom Georg Indrevik takka alle som har bidrege til filmen og prosjektet. Han tok fram to gjenstandar frå bereposen sin; eit ausekar og ein laks (ikkje levande..). 

- Alt det som skjer me havet er viktig for oss. De hugsar kanskje plastkvalen som hamna på land her ute og som var full av plast. Uansett kvar eg ferdast, kjenner folk til plaskvalen, sa ordføraren.

På nettsida til One Ocean Utforskning kan du lesa meir og sjå ein kortvariant av filmen. 

Her er fleire bilete:

Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete
Frå arrangementet - Klikk for stort bilete



Tekst og foto: Vigleik Brekke