Stor interesse for fagdag om vald og overgrep

Rundt 230 tilsette i Øygarden frå barnehage, skule, PPT (pedagogisk-psykologisk teneste) og helse var samla til fagdag på innbyggartorget og biblioteket på tysdag der temaet var vald og overgrep mot barn og unge. Arrangør var konsultasjonsteamet for vald og overgrepssaker.

Frå fagdagen 12. mars. - Klikk for stort bileteFrå fagdagen 12. mars.

Einingsleiar for barneverntenesta i Øygarden, Hege Gundersen, presenterte barneverntenesta og arbeidet med bekymringsmeldingar. Her handlar det om ordinære bekymringsmeldingar og dei som er utløyste av meldeplikta og kva som skjer vidare med desse meldingane i barneverntenesta.

Ho snakka mellom anna om meldeplikt og kva som ligg i omgrepet «har grunn til å tru».

- Dette er vanskeleg. Det er ein personleg og sjølvstendig plikt til å melda frå. Melding skal i slike tilfelle sendast utan ugrunna opphald. Dersom ikkje meldeplikt er oppfylt, må ein ha samtykke frå foreldre om ein skal melda frå til barnevernet, sa Gundersen.

Ei bekymringsmelding skal formidlast på ein objektiv måte der ein mellom anna skal få fram risikofaktorar. Er det gjeve hjelp og rettleiing og kva seier barnet?

Frå venstre; Ellen Rødland, Heidi Eriksen Losnedal, Lillian Skevik og Trine Lise Næss Bøe. - Klikk for stort bileteFrå venstre; Ellen Marie Rødland, Heidi Eriksen Losnedal, Lillian Skevik og Trine Lise Næss Bøe.

Trine Lise Næss Bøe og Lillian Skevik frå NOK Bergen snakka om kva som kan kjenneteiknar barn som er utsette for overgrep og korleis ein kan støtta barn som er utsette for overgrep. NOK er eit kompetansesenter mot seksuelle overgrep. NOK er eit tverrfagleg, gratis og lågterskel hjelpetilbod til utsette for seksuelle overgrep og deira pårørande. Dette senteret rettleiar og underviser skuleklassar, lærarar, helsepersonell og andre fagpersonar i spørsmål som omhandlar seksuelle overgrep.

Heidi Eriksen Losnedal frå Statens Barnehus hadde SSA-saker som tema, (SSA: Problematisk og skadeleg seksuell åtferd hjå barn og ungdom).

Statens barnehus er et tilbod til barn og ungdom som kan ha vore utsette for, eller vore vitne til vald eller seksuelle overgrep, der det føreligg melding til politiet. Tilbodet er også for vaksne med ei psykisk utviklingshemming. Statens barnehus gjev også råd og rettleiing til privatpersonar og offentlege instansar i anonyme saker som er uavklarte.

Konsultasjonsteamet for vald og overgrepssaker. Frå venstre; Ellen Marie Rødland, Cecilie Kalvik, Liv Golten, Thea Marie Øybø, Inga Solheim Havnen og Ragnhild Fjæreide Fyllingen. - Klikk for stort bileteKonsultasjonsteamet for vald og overgrepssaker. Frå venstre; Ellen Marie Rødland, Cecilie Kalvik, Liv Golten, Thea Marie Øybø, Inga Solheim Havnen og Ragnhild Fjæreide Fyllingen.

Liv Golten som er spesialpedagog og sexolog PPT opplevde dette som ein god dag. Ho er takksam for at så mange tok seg tid til å delta.

- Førelesarane la fram vanskelege og utfordrande tema på ein god og forståeleg måte. Det kom mange gode tilbakemeldingar frå deltakarane til arrangørane om at dei fann det nyttig og relevant. Dei ville gjerne ha tilsendt lenkjer til informasjon og tilgjengelege verk for å arbeida vidare trygt med tematikken på arbeidsplassen sin, seier ho.

Sjå video om konsultasjonsteamet. 


Tekst og foto: Vigleik Brekke