Stor interesse for Yrkesmessa

Nærare tusen personar var innom Yrkesmessa i Sotra Arena tysdag kveld.
- Dette året gler vi oss over seks nye utstillarar, seier president Astrid Aag i Sotra Rotary Klubb som er arrangør. Totalt var 42 utstillarar på plass dette året. 
 

Øygarden markerete seg på Yrkesmessa også dette året. Frå venstre; Amalie Hustvedt, Ahmad Ahma, Thomas Ådlandsvik, Richare René Johansen, varaordførar Anita Garlid Johannessen, Oliwia Ryskowska, Elise Glesnes Scott, ordførar Tom Georg Indrevik, Gritt Kålås, Linda Haugstad og Berit Gurine Algerøy. Liggjane i front; Axel Irene Eriksen. - Klikk for stort bileteØygarden markerte seg på Yrkesmessa også dette året. Frå venstre; Amalie Hustvedt, Ahmad Ahma, Thomas Ådlandsvik, Richare René Johansen, varaordførar Anita Garlid Johannessen, Oliwia Ryskowska, Elise Glesnes Scott, ordførar Tom Georg Indrevik, Britt Kålås, Linda Haugstad og Berit Gurine Algerøy. I front sitjande; Axel Irene Eriksen.

Dette er andre gong at Yrkesmessa vert arrangert i Sotra Arena etter pandemien. 

Det nærmar seg fristen for 10. klassingane å søkja om utdanning etter grunnskulen, og det er mange som grublar på kva veg dei skal gå.

- Skulane er flinke til å senda elevane på messa. Vi opplever at skulane er glade for at vi lagar til Yrkesmessa, seier Astrid Aag.

Rosar arrangøren

Ordførar Tom Georg Indrevik rosar arrangøren for tiltaket.

-Eg vil takka Sotra Rotary Klubb som også i år arrangerer denne viktige messa. Takk også til bedrifter, skular og dei andre utstillarane som bidreg med viktig informasjon til elevane, seier ordføraren.

Margrethe Børnes Myklebust (til venstre) og Ayleen Vestgård - Klikk for stort bileteMargrethe Børnes Myklebust (til venstre) og Ayleen Vestgård

Mellom 10. klassingane som har fått mange brosjyrar i hendene denne kvelden er Ayleen Vestgård og Margrete Børnes Myklebust som begge bur i Klokkarvik.

- Eg har ikkje bestemt meg heilt ennå, men eg vil gjerne ta noko som gjev studiekompetanse. Kanskje det vert kunst, design og arkitektur. Det er fint at vi kan få informasjonen om studietilboda samla på denne måten, seier Ayleen.

- Eg ser for meg å ta studiespesialisering med same fordjuping som Ayleen. Det er tilbod om dette både i Bergen og til dømes Sygna som er ein internatskule i Sogn. På messa her får vi setja oss inn i kva vi kan velja mellom, seier Margrete.

Maritime aktørar som skuleskipet Gann og Odfjell, som seglar utanriks, er døme på nye utstillarar dette året.

- Vi er rundt på mange messer, og vi vil gjerne presentera Odfjell og næringa generelt. Vi har mange filippinarar som mannskap, men vi har også 100 norske sjøfolk i utanriksfarten. Vi treng fleire norske sjøfolk, seier Eva Storeide som er crew manager i Odfjell. Selskapet har rundt 1 600 sjøfolk på løningslista.

Øygarden er ei stor lærlingbedrift

Øygarden kommune er ein av dei 42 utstillarane. Fleire av lærlingane var på plass for å gje 10. klassingane kunnskap om korleis det er å vera lærling i Øygarden.

Olivwia Ryskowska (til venstre) og Elise Glesnes Scott - Klikk for stort bileteOlivwia Ryskowska (til venstre) og Elise Glesnes Scott

Oliwia Ryskowska frå Ågotnes er for tida lærling i helsearbeidarfaget på Ternholmtunet.

- Eg har tidlegare vore på Kvednatunet og Tednebakkane. Det er flott å vera lærling. Vi lærer å verta sjølvstendige, og så tener vi pengar medan vi tek utdanning. Det er mange moglegheiter for oss å få jobb, og eg er open for det meste, seier Elise.

Elise Glesnes Scott frå Tofterøy har hatt praksis på Grønebakkane og Sundheimen. No er ho på Øygarden lokalmedisinske senter.

- Så langt har eg likt meg best på det lokalmedisinske senteret. Der er eg på korttidsavdelinga i tredje etasje, Eg likar å arbeida med eldre. Planen min er å ta påbygg neste år (4. år), seier Elise. 

Øygarden tilbyr frå hausten av lærlingplass innan barne- og ungdomsarbeidarfaget, helsearbeidarfaget, IT-driftsfaget, ernæringskokkfaget og service og administrasjonsfaget. Det er jamt over 100 lærlingar i Øygarden kommune. 

Her kan du lesa magasinet om Yrkesmessa utgjeve av Sotra Rotary Klubb.

Her er fleire bilete:

Stolte representantar frå arrangøren. Frå venstre; Anja-Rose Strohmaier, Astrid Aag og Frank Karlsen. - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Frå messa - Klikk for stort bilete
Frå messa - Klikk for stort bilete
Frå messa - Klikk for stort bilete
Frå messa - Klikk for stort bilete
Frå messa - Klikk for stort bilete
Frå messa - Klikk for stort bilete
Frå messa - Klikk for stort bilete
Frå messa - Klikk for stort bilete
Frå messa - Klikk for stort bilete
Frå messa - Klikk for stort bilete
Frå messa - Klikk for stort bilete
Frå messa - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete