Utmarksbrenning gjev grunnlag for å driva beitenæring langs vestlandskysten. Bonde Ove Stumo frå Tysvær orienterte om erfaringar med samarbeid om utmarksbrenning.Stusdal viste i sitt innlegg til forskrift om brannførebygging der det går klart fram at alle pliktar å visa aktsemd ved gjennomføring av aktivitetar som kan føra til brann. I tidsrommet 15. april til 15. september er det ikkje lov til å gjera opp eld i eller i nærleiken av skog og annan utmark.
- Vi ønskjer at det heile året vert gjeve melding til brannvesenet om brenning. Det gjer at vi unngår unødige utrykkingar og at vi i vaktberedskapen kan ta høgde for det, sa Stusdal.
Øygarden brann og redning har utstyrt ein tilhengjar med relevant utstyr til utmarksbrenning. Utstyret kan hentast mellom klokka 12.00 og 15.00 og innleverast mellom 09.00 og 12.00 på kvardagar (måndag-fredag). Utstyr som mellom anna vert lånt ut, er løvblåsar og driptorch (tennar).
Siri Vatsø HaugomTreng oppretthalda utmarksbeite
Forskar og fagansvarleg på Lyngheisenteret i Alver, Siri Vatsø Haugom, snakka om grunnlaget for brenning. Lyngheiene er opp til fem- seks tusen år gamle. Poenget med utmarksbrenning er å etablera utmarksbeite. Kontrollert brenning av lyng er heilt nødvendig for å driva utmarksbasert beiting langs vestlandskysten.
- Det er også mogleg å beita på røsslyng om vinteren. Dette er ikkje det beste beitet for dyra, men godt nok. Ved å brenna lyng, opnar ein opp landskapet. Når det har gått mellom 15 og 25 år, er tida inne for å brenna på nytt. Den største trusselen er at lyngheia gror igjen og vert skog, sa ho.
Ove Stumo er pensjonist, men aktiv bonde i Tysvær. Han har engasjert seg i utmarksbrenning og har organisert dette saman med andre bønder.
- Noko av det aller viktigaste er haldningar. Tenk 20 år fram i tid. Vi skal brenna lyngen og verna samfunnet. Få med alle grunneigarane og lag avtale. Vi må skapa tryggleik for dei som brenn og syta for sikker brenning. Vi må ha ein plan og melda dette inn til brannvesenet, sa Stumo.
Her er fleire bilete:
Tekst og foto: Vigleik Brekke