- Stor stas å få besøk av ordføraren

Anna Bothilde Børnes venta på ordførar Tom Georg Indrevik på onsdag, og den 101 år gamle spreke dama frå Klokkarvik venta ikkje forgjeves.
- Eg har det svært godt her på Sundheimen, seier jubilanten. 

Det var stort for Anna Bothilde Børnes å få besøk av ordførar Tom Georg Indrevik, - Klikk for stort bileteDet var stort for Anna Bothilde Børnes å få besøk av ordførar Tom Georg Indrevik,

Det vart ikkje ordførarbesøk på 100-årsdagen i fjor, og difor vart det feira skikkeleg då ho i dag (6. mars) fylte 101 år. I fjor fekk Anna gratulasjonshelsing frå Kong Harald.

Også søskenbarnet til Anna, Hilborg Dalen (97), var med på ordførarbesøket saman med svigerdotter til Anna, Gudrun Børnes, og styrar på Sundheimen, Janne Thode. Seinare på dagen kom fleire familiemedlemer på besøk for å feira jubilanten.

Anna vaks opp saman med dei to andre søskena på Stølen på Børnes ved Klokkarvik. 

- Etter kvart fekk eg meg jobb hjå Opseth daglegvarer. Her var eg i vel 30 år, seier Anna som har to barnebarn og tre oldebarn.

Også søskenbarnet Hilborg, som no er bebuar på Sundheimen, vaks opp på Stølen. Det er stas for Anna og Hilborg å ha fellesskap på Sundheimen. Anna Børnes har vore sprek, og ho budde heime til ho var 97 år. Før ho kom til Sundheimen i midten av desember i fjor, har ho budd i omsorgsbustad.

Bilete av kake og blomebukett. - Klikk for stort bileteOrdføraren overrekte blomar til jubilanten.

Jubilanten har ikkje noko å klaga over. Ho trivst svært godt på Sundheimen og kan ikkje skryta nok av dei tilsette. Ho vert ikkje sitjande åleine på rommet. Gudrun Børnes seier at Anna er svært oppteken av å vera saman med dei andre bebuarane i daglegstova. 

- Det er ein fin harmoni her på heimen, seier Gudrun.

Anna har funne seg svært godt til rette på Sundheimen.

- Eg har hatt svært lyst til å koma hit. Her har eg det fint, seier Anna.

- Kva råd gir du til oss andre for å nå ein alder av 101 år? spurde ordføraren.

- Det er no livets gang. Eg har levd alminneleg og eit vanleg liv. Eg er veldig godt nøgd med livet, seier Anna som tykte det var stor stas at ordføraren tok seg tid til å besøka henne. 

Under krigen gifta Anna Bothilde Børnes seg med Pål Børnes. Pål pendla til arbeid på BMV i Bergen. Han døde i 2011. Saman fekk dei to barn. Dottera døde for nokre år sidan. Sonen Leidulv Børnes, som er gift med Gudrun Børnes, kom på besøk seinare på jubileumsdagen saman med andre familiemedlemer. 


Tekst og foto: Vigleik Brekke