Stordugnad frå Sjøforsvaret i strandsona

Tysdag denne veka var mannskapet på ubåten KNM Uthaug samla til strandrydding på Bjorøyna.
- Dette er eit givande arbeid og gir ein god følelse av at vi bidreg, seier skipssjefen.

Frå ryddinga i strandlinja. - Klikk for stort bileteMannskapet på KNM Uthaug fann mykje plast og anna søppel i Breivika.

I Breivika på Bjorøyna hadde mannskapet på vel 20 personar ein egen ryddedag på tysdag der dei plukka opp forskjellig avfall som er skylt opp på stranda frå havet. Her vart det stort engasjement, og dei fekk rydda vekk mykje plast og anna avfall frå fjæra. 

- Vi finn mest taurestar og garn, men også mykje plastavfall og restar frå fiskeutstyr. Det er trist at plast er et aukande problem, og det er synd at så mykje søppel kan hamna på eit så lite område, seier skipssjefen.

- Det er viktig at folk er ute og plukkar søppel, men også at ein sluttar å kasta søppel ut i havet, seier nestkommanderande på ubåten.

Glad for at Sjøforsvaret bidreg

Avdelingsleiar på byggesak, Kari Lie Sollien, vart kontakta av Bravo besetning i ubåttenesta tidlegare i vår med førespurnad om dei kunne kome ut til Øygarden og rydda ei strand i samband med Sjøforsvaret sin ryddedag. Dei andre besetningane såg mot Bergen, men mannskapet på KNM Uthaug ønskte å koma ut til oss i vest.

- Det kunne vi sjølvsagt ikkje seia nei til! Eg er godt nøgd med at Bravo kjem til oss for å hjelpa til med å halda strandlinja vår ryddig. Samstundes ønskjer eg alle andre grupper velkomen til Øygarden for å følgja den gode standarden til Bravo besetning, seier avdelingsleiaren.

Store mengder med plast og anna avfall vart fylt opp i store bossekker. - Klikk for stort bileteStore mengder med plast og anna avfall vart fylt opp i store bossekker.

Sjef for Sjøforsvaret, flaggkommandør Oliver Berdal, har bedt alle tilsette på avdelingane og fartøya å setja av minst eín dag til innsats for reinare og betre miljø frå svenskegrensa i sør til Svalbard i nord. I eit brev skriv han at ingen kan gjera alt, men alle kan gjera litt. 

- Klarar vi i Sjøforsvaret dette, er eg sikker på at mange andre organisasjonar kan utfordrast til liknande initiativ. Det vil gi stor effekt, skriv han i brevet. 

Ordførar Tom Georg Indrevik set stor pris på initiativet frå Sjøforsvaret. 

- Eg vil nytta høvet til å takka Sjøforsvaret for å bidra til å rydda plast og anna søppel frå strandsona. Det er viktig at vi held fram med rydding langs strendene. Derfor er all hjelp velkomen, seier ordføraren.

Skipssjefen seier at aksjonen på tysdag gjekk svært fint. Det var litt regn frå morgonen av, men etter kvart vart det godt vær.

Eitt av mannskapa som deltok på strandryddinga, var ein kvinneleg skipsteknisk offiser.

- Eg synes det er urovekkande at det ikkje tar slutt med all søppelet langs strendene. Det er synd at har blitt slik. Dette er kjekt og eit fint tiltak. Vi føler at det er verdt å vera med på dette og at vi kan gjera ein liten forskjell langs strendene, seier ho.

Her er fleire bilete:

Frå strandryddinga - Klikk for stort bilete
Frå strandryddinga - Klikk for stort bilete
Frå strandryddinga - Klikk for stort bilete


Tekst og foto: Sander Bruvoll Monsen