Ernst Einarsen (ståande) fremja tilleggsforslag i saka om heildøgnsplassar. På biletet er også Robert Kaupang Sæle.Etter framlegg frå Ernst Einarsen (H) på møtet onsdag denne veka tilrådde utvalet samrøystes at sjukeheimsplassane skal tilfredsstilla dagens krav for å kunna ta hand om brukarar med særs krevjande tilstandar. Det skal fremjast sak om etablering av omsorgsplassar i løpet av første kvartal 2025.
Med åtte mot tre røyster tilrår levekårsutvalet å be administrasjonen å straks gå i dialog med potensielle private aktørar for snarast mogeleg å få etablert nye omsorgsbustadar slik at intensjonane i «Gjennomføringsplanen for framtidige helse- og velferdstenester» vert realisert. Arbeidarpartiet (2) og Senterpartiet (1) røysta imot dette punktet.
Tilrår å ta imot 100 flyktningar i 2025
Levekårsutvalet tilrår at Øygarden kommune buset inn 100 flyktningar i 2025. Utvalet støttar innstillinga frå kommunedirektøren der det heiter at Øygarden kommune har eit stort press innan barnevernstenester og at ein såleis ikkje finn rom til å busetja einslege mindreårige flyktningar i 2025. Dersom behovet for mottaksplassar aukar vil kommunestyret koma tilbake til dette sett i lys av ei eventuell ny oppmoding.
Tilrådinga vart gjort med 10 mot eí røyst (Frp). Frp tilrådde å ikkje busetja flyktningar i 2025 så lenge dette ikkje er fullfinansiert av staten.
Øygarden kommune er frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) oppmoda om å busetja til saman 100 flyktningar i 2025 og at 10 av dei 100 plassane vert nytta til busetting av einslege mindreårige over 15 år.
Friluftslivets år 2025
Levekårsutvalet sluttar seg til innstillinga frå kommunedirektøren om at Øygarden kommune vert ein «Friluftslivets år 2025-kommune», og vil støtta opp om Friluftslivets år gjennom mellom anna å etablera og driva ein møteplass mellom kommunen, friluftslivsorganisasjonar og andre som arbeider for friluftslivet.
Kommunen vil bruka møteplassen til å skapa betre samhandling og koordinering med dei ulike aktørane, for på den måten å bidra til å nå måla for Friluftslivets år 2025, som er at folk skal; oppdaga nærnaturen sin, invitera kvarandre ut og prøva nye friluftslivsaktivitetar. Det er eit mål for kommunen at møteplassen vert vidareført etter Friluftslivets år.
Overfører pengar frå 2024 ti 2025
Levekårsutvalet behandla saka om «Status for aktivitetar for eldre i sentra - bruk av ubrukte midlar i 2025». Utvalet vedtok at 740 tusen kroner frå inneverande år vert overført til neste år og vert eit tillegg til dei nye 800 tusen kronene som ligg i budsjettet for 225. Unytta midlar frametter vert då som eit «fond» som kan ta høgde for støtte til både dei faste arrangementa og eventuelt nye enkeltprosjekt og eventuelle meir langsiktige tiltak.
Utvalet slutta seg elles til innstillinga frå kommunedirektøren der det vert bedt om at kommunedirektøren jobbar vidare med ei enkel tilskotsordning for transport til frivillige lag og organisasjonar. Målgruppa er eldre som treng noko støtte for å koma seg ut av heimen.
I vedtaket heiter det at det vert etablert eit dagaktivitetstilbod med fysisk trening for demente i Skogsskiftet, i tråd med gjennomføringsplan for framtidige helse- og velferdstenester, fram til 31.12.2025. Det er mål om innarbeiding i økonomiplan frå 2026. 80 tusen kroner skal brukast på Memento for å finansiera 47 samlingar i 2025 på møteplass for personar med hukommelse-utfordringar.
Legg plan ut på høyring
Levekårsutvalet vedtok å leggja plan for førebygging av omsorgssvikt og åtferdsvanskar for Øygarden kommune 2025 – 2029 ut på høyring i perioden 12.desember til 19. januar. Planen skildrar mål for det førebyggjande arbeidet, korleis arbeidet vert organisert og korleis tenestene skal samarbeida om barna. Planen oppsummerer til slutt ni satsingsområde for det vidare arbeidet.
Med bakgrunn i arbeidet til prosjektgruppa, kunnskapsgrunnlaget, medverknadsprosessane, samtalar med leiarar og nasjonale føringar, har kommunedirektøren konkludert med ni satsingsområde som saman vert vurderte å ta ned risikoen for at barn og unge blir utsett for omsorgssvikt eller utviklar åtferdsvanskar.
Tilrår å endra alkoholpolitisk handlingsplan
Levekårsutvalet tilrår å endra alkoholpolitisk handlingsplan punkt 7.2.8 slik at sal og utlevering av alkoholhaldig drikk gr. 1 kan skje frå klokka 08.00 til klokka 20.00 på kvardagar og til klokka 18.00 på dagar før sundagar og helgedagar, med unntak av dagen før Kristi Himmelfartsdag.
Øygarden kommune vedtok i kommunestyret den 23. mai i år revidert alkoholpolitisk handlingsplan for 2024 - 2028. Der vart salstidene frå førre løyveperiode vidareført med starttid klokka 07.00. I følge lovtolkinga frå Helsedirektoratet kan ikkje salstid etter alkohollova § 3-7, starta før klokka 08.00. Dette er bakgrunnen for at levekårsutvalet tilrår overfor kommunestyret å endra punkt 7.2.8 i alkoholpolitisk handlingsplan.
Skjenkeløyve
Sartor Bowling AS får innvilga nytt fast alminneleg skjenkeløyve for alkoholgruppe 1, 2 og 3, for Sartor Bowling i Sartor Storsenter.
Revidering av retningslinjer for kommunale tilskot
Levekårsutvalet sluttar seg til framlegget frå kommunedirektøren om følgjande endringar i dei kommunale tilskotsordningane: Vedtak om tildeling av kommunale stipend vert delegert frå Levekårsutvalet til ein jury. Utvalet valde leiar av levekårsutvalet, Ernst Einarsen (H), og Sølvi Kobbeltvedt (Sp) som representantar i juryen frå levekårsutvalet.
Oppdatert prognose for framtidig heildøgns omsorgsplassar
I denne saka har kommunedirektøren lagt fram ein oppdatert prognose for framtidig behov for heildøgns omsorgsplassar. Notatet viser eit samla behov for 545 heildøgns omsorgsplassar ved utgangen av 2039. Per i dag har kommunen 252 plassar. Det inneber behov for ein auke på 293 plassar. Utvalet tok notatet til orientering.
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.
Tekst og foto: Vigleik Brekke