Støttar skisse for drift av Fjell festning

Formannskapet tilrår at Øygarden kommune sluttar seg til skisse for vidare drift av Fjell festning. Dette inneber at stiftinga Fjell festning held fram med nye vedtekter. 

Jan Utkilen på talarstolen. - Klikk for stort bileteJan Utkilen (Sotralista-TVØ) var ein av fleire som engasjerte seg i saka om bygging av heildøgnsplassar på Straume.

Øygarden skal ta eit større ansvar for drift og utvikling av området, og stiftinga og kommunen inngår i fellesskap avtale med ein profesjonell museumsaktør som skal driva og utvikla museumsverksemda.

Skissa inneber også at det vert oppretta ein venelag som skal organisera frivillig arbeid knytt til festningsområdet og å skaffa støtte og finansiering til tiltak på området.

I tilrådinga heiter det konkret at kommunestyret sluttar seg til skissa for vidare drift av Fjell festning og ber kommunedirektøren følgja ho opp overfor Stiftinga Fjell festning, Sotra og Øygarden  forsvarsforening og andre partar. Dersom det viser seg at den skisserte løysinga ikkje fører fram, står kommunen fast på vedtaket frå mai om at stiftinga bør nedleggast og at kommunen er villig til å overta eigedomane stiftinga eig no.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret torsdag. 

Vil byggja heildøgnsplassar

Formannskapet tilrår at parkeringshuset og tomta det står på ved Fjell sjukeheim, vert gjort om til areal for heildøgnsplassar. I tilrådinga heiter det at kommunen utlyser ein pris- og designkonkurranse med funksjonsskildring og romprogram som skissert i scenario 2 i saka. Det vert fremja eiga sak til levekårsutvalet med funksjonsskildring for inntil 80 plassar og romprogram som grunnlag i ein pris- og designkonkurranse.

Formannskapet tilrår at modellen må sikra rask framdrift for etablering av heildøgnsplassar i tråd med planlagt opptrapping. Det vert bedt om at det blir vurdert å innarbeida ein parkeringskjellar i bygget eller andre aktuelle løysingar i området.

Det vart fremja fleire endringsforslag i saka. Etter samråding vart forslaget ovanfor tilrådd samrøystes.

I saka er det vurdert tre scenario for utbygging. Det er open pris- og designkonkurranse – totalentreprise med samspel, delvis låst pris- og designkonkurranse – totalentreprise med samspel og OPS-konkurranse (OPS: Offentleg, privat, samarbeid). Formannskapet sluttar seg altså til innstillinga frå kommunedirektøren om å utlysa ein pris- og designkonkurranse med  funksjonsskildring og romprogram som skissert i scenario 2 i saka.

I saksutgreiinga går det fram at framskrivingar viser ei tredobling av innbyggjarar over 80 år i 2040 samanlikna med i dag. Kommunedirektøren skriv i saka at kommunen i størst mogleg grad må leggja til rette for at flest mogleg kan bu trygt i eigen heim. I gjeldande økonomiplanperiode er det løyvd til saman 235,2 millionar kroner til nye omsorgsplassar.
Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Tilleggsavtale om fellesoffentlege infrastrukturtiltak Straume - Sartor Holding 

Formannskapet tilrår å godkjenna tilleggsavtala «Utbyggingsavtale for Straume Sentrum, G3 og G4, Nygata». Kommunestyret gir kommunedirektøren fullmakt til å gjennomføre avtalen, og foreta utbetaling i tråd med denne. Kommunestyret avgjer saka.

Vil vidareføra ramme for avtale med Vest Næringsråd (VNR)

Formannskapet tilrår å ta saka om revidert partnarskapsavtale med VNR til orientering og å gje kommunedirektøren fullmakt til å inngå partnarskapsavtale i samsvar med rammene som er skissert i denne saka.  

Inklusive 1,5 millionar kroner i tilskot til Gründerparken Vest og 200 tusen kroner til Øygardskonferansen, vert det årlege tilskotet til VNR 2,45 millionar kroner. 

I saka skriv kommunedirektøren at dei økonomiske rammene for avtalen er føreslått uendra, men partnarskapsavtalen er tydelegare på forventningane til bruk av løyvingane. I denne samanheng er bidrag til Framtidssamfunnet, planlegging og gjennomføring av Øygardskonferansen og drift av Grunderparken (GPV) viktige element. Kommunedirektøren meiner det er viktig å evaluera GPV i nær framtid for å sikra effektiv drift av GPV.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret. 

Føreslår å avhenda fleire selskap

Formannskapet tilrår overfor kommunestyret å vedta revidert eigarskapsmeldinga slik ho ligg føre. Kommunedirektøren får fullmakt til å oppdatera eigarskapsmeldinga kontinuerleg ved eventuelle endringar i eigarporteføljen eller styrerepresentasjon. 

Konsekvensen av tilrådinga er at tre eigarskap vert avhenda og eitt selskap vert avvikla. Dette vart gjort ved tilråding i eigne saker. Kommunestyret avgjer sakene.

  • Eigarskapet i Scalpro AS, der kommunen eig 0,13 prosent, vert tilrådd å avhenda gjennom sal av aksjar. 
  • Eigarskapet i Norsk Bane AS, der kommunen eig 0,10 prosent, vert tilrådd å avhenda.
  • Eigarskapet i Ågotnes næringspark AS, der kommunen eig 21,05 prosent, vert tilrådd avhenda. Formannskapet skal vera orientert om verdivurderingane før det vert teke endeleg avgjerd.
  • Sambygg AS, der kommunen eig 80 prosent, vert tilrådd avvikla.

Andre saker

  • Formannskapet tilrår overfor kommunestyret at Øygarden kommune garanterer med sjølvskuldnargaranti for lån på 153,5 millionar kroner som ØyVAR AS tar opp til investeringar innan vatn og avløp.
     
  • Formannskapet avslår søknaden om omdisponering av utbetalt tilskot på 75 tusen kroner til organisering  av lysfestivalen på Fjell festning i 2024, og krev dette tilbakebetalt frå organisasjonen 1001W innan utgangen av 2024.
     
  • Det vart tilrådd at Øygarden kommunestyre tek finansrapport per 30.09.2024. til orientering slik han ligg føre.
     
  • Formannskapet vedtok lønsvekst for kommunedirektøren på 5,2 prosent.
     
  • Formannskapet tilrår at Øygarden kommune søkjer om å delta i ei forsøksordning i 2024 og 2025 for startlån til førstegongsetablerarar og at kommunen tar opp eit lån på 20 millionar kroner frå Husbanken for vidare utlån knytt til forsøksordninga i 2024.
     
  • Formannskapet gav kommunedirektøren fullmakt til å forhandla om pris for kjøp av gnr 35, bnr, Storhilderen. Formannskapet slutta seg til eit tilleggsforslag presentert av Høgre, KrF, Frp og Sotralista-TVØ om at kommunedirektøren skal koma tilbake med sak om framtidige moglegheiter og eventuell utvikling av eigedomen, i samband med utarbeiding av strategisk planprogram for straumeområdet. Bakgrunnen for kjøpet er at plasseringa er strategisk svært god for å etablera ein ny møteplass tett på den urbane utviklinga som skal skje på Stovevatnet og Straume i sin heilskap dei neste åra. 

 


Tekst og foto: Vigleik Brekke