Stramar inn bruken av TikTok og Telegram

Nasjonal sikkerheitsmyndighet (NSM) frårår at offentleg tilsette installerer TikTok eller Telegram på digitale verktøy som er knytt til intern digital infrastruktur i verksemda.
- Vi støttar dette og ber dei tilsette om å avinstallera  desse to applikasjonane dersom dei allereie er lasta ned, seier kommunedirektør Johnny Breivik.

Mobiltelefon og logoen til Tik Tok - Klikk for stort bileteIll.

Tilrådinga frå NSM er ikkje eit forbod mot TikTok eller Telegram, men eit råd om at dei ikkje bør installerast på digitale verktøy knytt opp mot kommunen. Bakgrunnen for tilrådinga er trusselvurdering for etterretningstenesta. Justis- og beredskapsdepartementet har følgd opp tilrådingane frå NSM.

TikTok og Telegram må avinstallerast frå alle digitale verktøy som er eigd av kommunen eller som er knytt opp til interne tenester i kommunen. 

- Døme på dette er TikTok som er installert på ein telefon som er knytt opp mot ein kommunal e-postkonto.  Andre digitale verktøy kan vera nettbrett eller personleg datamaskin knytt opp til det interne systemet i kommunen, seier Johnny Breivik.

Administrasjon av TikTok-konto må skje frå eigne mobiltelefonar eller nettbrett som er dedikert for dette.


Tekst: Vigleik Brekke