Styrkjer eigedomsforvaltninga

Som eit ledd i arbeidet med å styrkja eigedomsforvaltninga, skal det om kort tid tilsetjast eigedomssjef. Eigedomssjefen skal ha det overordna ansvaret for eigedomsforvaltning og utvikling.
- Dette området skal også styrkjast med juridisk kompetanse, seier kommunedirektør Johnny Breivik.

Kommunedirektør Johnny Breivik - Klikk for stort bileteKommunedirektør Johnny Breivik

I 2022 vart det gjennomført ein omfattande prosess som enda opp med ei endra organisering frå september. Her blei kommunalsjefsområda tildelt nødvendig resursar for å handtera løpande oppgåver, heilskapen og gjennomføringskraft.

Den nye eigedomssjefen får ansvaret for at vedtekne områdeplanar og reguleringsplanar vert gjennomførbare i praksis. Det gjeld mellom anna gode og føreseielege utbyggingsavtalar.

- Til dette arbeidet er det avgjerande med både god juridisk kompetanse og kapasitet. I tillegg må den juridiske kapasiteten ha inngåande forståing for kommunal forvaltning og rollefordelinga mellom kommunen som mynde og private eigedomsaktørar. Eg opplever eit tydeleg politisk signal om å prioritera dette arbeidet, seier kommunedirektør Johnny Breivik.

Treng juridisk kompetanse

Kommunedirektøren seier at kommunen har behov for slik kompetanse og har godt håp om å kunna tilsetja god og relevant juridisk kompetanse i nær framtid. For å sikra ei utvikling som evnar å balansera dei mange rollene kommunen har i samfunnsutviklinga, er det også viktig å supplera staben hjå eigedomssjefen med god realkompetanse og rolleforståing.

- Som kommuneadvokat, har Dag-Heine Bjørndal tileigna seg verdifull erfaring om offentleg forvaltning og kommunen sine mange roller i samfunnsutviklinga. Han har soleis den nødvendige breiddekompetansen som er avgjerande for å lukkast og er tilsett som advokat hjå eigedomssjefen. Med dette grepet er eg trygg på at eigedomsforvaltninga vert robust for oppgåvene framover og at kommunen si gjennomføringsevne blir vesentleg styrkt, seier kommunedirektøren.

Inntil den nye eigedomssjefen er tilsett, truleg like etter ferien, vil kommunalsjef Silje Haukedal ivareta rolla.