Liv-Hanne Skoge
10 medarbeidarar frå ulike avdelingar har no oppnådd kompetansebevis i Velferdsteknologiens ABC. Kurset var gjennomført med oppstartsseminar 19. april og avslutningsseminar 19. november i Alrek Helseklynge på Årstad saman med Kvam kommune.
- Mellom desse seminara var det fem interne studiesamlingar på to timar kvar gong, der vi gjekk gjennom kompendium frå A til E med oppgåver, videoar og andre tilgjengelege ressursar fortel Skoge.
Dette er eit samlingsbasert utdanningsløp som er i omfattande bruk i kommunane som ei basisopplæring om velferdsteknologi, tenesteinnovasjon og korleis ein skal arbeida med velferdsteknologi i ein heiskapeleg tenestemodell. Det vart god tid til å drøsa om fagstoff og eigne erfaringar.
- Eg trur alle har fått ei breiare erfaring om korleis vi jobbar i dag og korleis det er lurt å rigga seg i det vidare arbeidet med velferdsteknologi. Vi var innom tema som etikk, lovverk, informasjonssikkerheit og personvern, og organisering og drift, samt implementering.
Fleire bidrag frå Øygarden kommune
Øygarden kommune bidrog med fleire innlegg i kompetansebygginga. Det var innleiing ved kommunalsjef for Helse og velferd, Line Barmen, velferdsteknologikoordinator Runhild Rokkan hadde foredrag om velferdsteknologi i Øygarden kommune. Personvernombod Silje Sørbotten Nilsen hadde foredrag om Etikk og etisk refleksjon og Risikovurdering, medan spesialrådgjevar Janne Mo runda det heile av og snakka om vegen vidare for Øygarden kommune.
- Eit viktig poeng frå læringa er at velferdsteknologi etter lova ikkje er ei eiga teneste, men eit verktøy helsepersonell kan ta i bruk for å kunne yta gode og forsvarlege helse og omsorgstenester. Det var og interessant å høyra frå Kvam herad, korleis dei har jobba målretta med sine implementeringar av velferdsteknologi i deira kommune, seier Liv-Hanne Skoge.
Dei som deltok frå Øygarden var Ann-Kristin Larsen (LMS), David Karl Henrik Östman (Fjell sjukeheim), Elisabeth Thomassen (Psykisk helse og rus), Else Vonli Rasdal (Heimetenesta sone sør), Siv Kristin Solberg (MMNF), Synnøve Langnes Øverbø (Psykisk helse og rus), Tine Annicha Dahlen (Tednebakkane omsorgssenter), Trine Teodora Trygvesdotter (MMNF), Liv-Hanne Skoge (Aksjonssenteret) og Runhild Sivertsen Rokkan (Aksjonssenteret).
Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester var fasilitator for kurset ved Runhild Lægreid Syse og Gro Helen Løvik. Anita Lønnebakken Sævild, nettverkskoordinator for KS Vestland og nettverkskoordinator e-helse i Digi vestland deltok på avslutningsseminaret.