Svein Fjelland er død

I helga kom den triste meldinga om at Svein Fjelland er død, 78 år gamal etter ei tids sjukdom. Svein Fjelland var rådmann i Fjell kommune i perioden 1991 til 2004. 

Svein Fjelland - Klikk for stort bileteSvein Fjelland

Svein Fjelland kom til Fjell kommune frå stillinga som fylkeshelsesjef i Hordaland fylkeskommune der han hadde ei sentral rolle i omlegginga av helsetilbodet i fylket. 

Etter tida som rådmann i Fjell, var han spesialrådgjevar i kommunen fram til han gjekk av i januar 2018.

-    Dette var ei trist melding å få. Svein Fjelland har betydd mykje for utvikla av gamle Fjell kommune og no Øygarden kommune. I dag går tankane våre til dei næraste, seier ordførar Tom Georg Indrevik.

Då Svein Fjelland tok over som øvste administrative leiar, skulle han leia ein av dei kommunane i landet som hadde størst folkevekst. Svein Fjelland var oppteken av å byggja opp solide kapitalfond for å vera budd på vanskelegare tider. Dette gav grunnlag for å utvikla eit moderne tenestetilbod i Fjell kommune godt tilpassa innbyggjarane. Fjelland skal ha mykje av æra for dette.

Svein Fjelland hadde evne til å sjå kommunen som ein heilskap og at tenestetilbodet var godt fagleg forankra. Dei siste åra fekk han brukt mykje tid på å vera med på utviklinga av eit framtidsretta helse- og omsorgstilbod for Fjell kommune i eit tett samarbeid med nabokommunane, Helse Bergen og frivillige krefter. 

Han stod sentralt i arbeidet med helse- og omsorgsprosjektet «Sjef i eige liv» og å utvikla eit breitt og omfattande tilbod i Helselandsbyen på Straume. Eitt av resultata av dette arbeidet var realiseringa av Øygarden lokalmedisinske senter som vart opna i 2019. I det heile tatt var han oppteken av å finna samlande løysingar på lag med politikarane.  

Svein Fjelland var ein sindig og jordnær leiar som samstundes hadde store visjonar. 

- Fest blikket på stjernene, hald beina på jorda! sa Svein Fjelland ofte. Han var ein omtykt leiar som såg den enkelte medarbeidar. Han var ein lyttande samtalepartnar og brukte ressursane til dei tilsette til det beste for utviklinga av det offentlege tenestetilbodet i kommunen. 

Gravferdsseremonien vert i Foldnes kyrkje fredag 8. desember kl. 10.30.

Vi lyser fred over Svein Fjelland sitt gode minne.


Tekst og foto: Vigleik Brekke