Sverre Bungum fekk kulturprisen for 2024

- Jo, det var kjekt å få denne prisen. Det sa Sverre Bungum etter at han på kultur- og idrettsgallaen i Øygarden kulturhus fekk kulturprisen for 2024. Denne kvelden vart det delt ut ei rekkje prisar, heider og stipend.

Sverre Bungum fekk kulturprisen 2024. Til venstre; kultursjef Marian Guddal Hansen og til høgre, leiar i levekårsutvalet, Ernst Einarsen. - Klikk for stort bilete

Leiar av levekårsutvalet, Ernst Einarsen, delte ut prisen og framførte grunngjevinga for å visa at dette var ein fortent pris.

- Vi er mange som er glade og takksame for det han har utretta og der han framleis er aktivt med, sa Einarsen.

Prisvinnaren sjølv sa ikkje så mykje frå scena, men når vi pressar han litt etter at applausen har lagt seg, vedgår han at han likte å få prisen.

- Ja, ok eg er stolt for prisen. Eg er glad for å ha vore med på arbeid i organisasjonar som til dømes Sund skulemusikk og mållaget. Og så er eg glad for at eg eldest nedanfrå og oppover, seier prisvinnaren og ler. 

Sverre Bungum er elles storleg imponert over nivået på underhaldninga på gallaen, myndig og muntert leia av Yvonne Algrøy.

Konferansieren prøvde seg mellom anna på ein definisjon av det å vera frivillig.

- Det er å gjera masse arbeid utan å få løn, meinte ho.

Her kan du lesa grunngjevinga for prisane; kulturprisen, folkehelseprisen, MOT til å glede-prisen, frivilligprisen og tilgjengeprisen. (PDF, 116 kB)

Konferansier Yvonne Algrøy - Klikk for stort bileteKonferansier Yvonne Algrøy

Utvida kulturomgrep

I grunngjevinga for kulturprisen heiter det at Sverre Bungum har budd og arbeidd i kommunen storparten av sitt 88-årige liv. Som rektor, skulesjef og barne-og familiesjef var han opptatt av det utvida kulturomgrepet, det som gjaldt på alle livets område og for alle aldrar. Han var mellom mykje anna initiativtakar til internasjonale konferansar om demokratiutvikling og kulturutveksling med ungdom mellom Balkan og her heime. 

- Som pensjonist finn Sverre tid til formidling i ulike fora, både munnleg og skriftleg. Han er god til å lytta til når han kåserer over kulturhistoriske tema, og han er alltid interessant å lesa. Sverre Bungum fortener kommunen sin kulturpris for sin mangfaldige innsats på kulturområdet gjennom mange tiår, heiter det mellom anna i grunngjevinga.

Dugnad for bygda

Folkehelseprisen gjekk til Jarle Sælensminde. Der vert det i grunngjevinga vist til at både som yrkesaktiv på Sund skule og som pensjonist har Jarle Sælensminde gjennom mange tiår vore engasjert i kulturaktivitetar og friluftsliv med tanke på at det har stor verdi for trivsel og livskvalitet for folk i alle aldrar. Dette er svært viktig for folkehelsesatsinga. 

- Dugnaden har eg ikkje gjort åleine. Eg vil dela prisen med alle som hjelper til i bygda, sa prisvinnaren.

Marian Guddal Hansen, Jarle Sælensminde og Ernst Einarsen - Klikk for stort bileteFolkehelseprisen gjekk til Jarle Sælensmide

- Han har tatt initiativ til prosjekt som "Levande bygd 1 og 2" og invitert til fellesdugnader for å fremja samhald og aktivitet. Det har skapt engasjement og involvering av gamle og nye innbyggjarar på Klokkarvik og dei som har besøkt bygda, heiter det i grunngjevinga.

Viser mot og er modig

MOT til å glede-prisen gjekk til Emil Jonasdal Johannessen. Emil er kortvaksen, han har stått fram som han er med sin diagnose, Hypokondroplasi, og vist for verda at ein som annleis også kan passa inn og prestera. 

Ernst Einarsen, Emild Jonasdal Johannessen og Daniel Grindheim - Klikk for stort bileteEmil Jonasdal Johannessen fekk MOT til å glede-prisen. Til høgre, Daniel Grindheim

- Gjennom dokumentaren «Gigantene» på NRK og som skodespelar i ungdomsserien «Rykter» har Emil vist Mot og vore modig. Han har fått mange fine tilbakemeldingar, og får stadig hyggeleg merksemd der han sit i kassen på Kiwi Ågotnes. I tillegg held han på å studera film. Han var student på Danvik mediefolkehøyskole inntil mai i 2024 og studerte ved filmlinja der, står det å lesa i grunngjevinga for prisen.

Inkludering

Det var Tofterøy KFUK/KFUM som fekk frivilligprisen for 2024. Gruppa som held til på Klokkarvik har i fleire år stått på for eit aktivt og meiningsfullt fritidstilbod for barn og unge i kommunen. Sidan gruppa starta opp i 2019 etter mange år i dvale, har dei vakse veldig, og har no over 50 speidarar. 

Tofterøy KFUK/KFUM fekk frivilligprisen. - Klikk for stort bileteTofterøy KFUK/KFUM fekk frivilligprisen.

- Leiarane nyttar alt av fritid til barne- og ungdomsarbeidet, og syter for eit flott, variert og nyttig mangfald av aktivitetar. Dei har stort fokus på inkludering, og personleg utvikling hos speidarane sine. Leiarane i gruppa har no teke initiativ til, og fått til eit samarbeid med dei andre speidargruppene i Øygarden, står det i grunngjevinga.

Inkluderande arena

Tilgjengeprisen gjekk til populære Sotra United. I grunngjevinga vert det vist til at dette laget er eit strålande eksempel på korleis idrett kan vera ein inkluderande arena for alle, uansett bakgrunn eller funksjonsnivå. Laget blei starta som ein del av Nest-Sotra Fotball med utgangspunkt i Norges Fotballforbund sin visjon om Fotball for alle. 

 

Tilgjengeprisen gjekk til Sotra United. Frå venstre; Marian Guddal Hansen, Veronica Krogenæs, Joana Craciun og Niat Brhane Sereke. Heilt til høgre; leiar i råd for personar med funkjsonsnedsetjing, Ingvild Sk - Klikk for stort bileteTilgjengeprisen gjekk til Sotra United. Frå venstre; Marian Guddal Hansen, Veronica Krogenæs, Joana Craciun og Niat Brhane Sereke. Heilt til høgre; leiar i råd for personar med funkjsonsnedsetjing, Ingvild Skaar.

- Denne visjonen har blitt realisert gjennom eit lag som gir eit verdifullt tilbod til dei som ikkje finn seg til rette på ordinære aldersbestemte lag, anten på grunn av funksjonsnedsetjing eller andre faktorar. Sotra United har skapt eit rom for mangfald, og dette mangfaldet har berika klubben og lokalsamfunnet. Gjennom målretta innsats og tilrettelagt aktivitet har de gitt ei gruppe menneske, som ofte opplever ekskludering frå tradisjonelle idrettsarenaer, høve til å delta på lik linje med andre, står det frå dei som har nominert Sotra United til tilgjengeprisen.

Stor breidde

Det var kultursjef Marian Guddal Hansen som ønskte velkomen til kultur- og idrettsgalla. Ho sa at kultur og idrett står sterkt i Øygarden.

- Det er fantastisk å sjå den store breidda i idrett og kultur. Eg oppmodar oss alle til å heia på kvarandre. Øygarden kommune er utruleg stolt av dykk, sa ho.

Stipend

Det vart delt ut 200 tusen kroner i kulturstipend og 300 tusen kroner i idrettsstipend. Her kan du sjå oversikt over dei som fekk stipend. (PDF, 97 kB)

Heider

Heidersprisen frå musikk- og kulturrådet gjekk til Anita Heggholmen. Prisutdelar Oddvar Rebnord, som er leiar i rådet, sa at Heggholmen kjem frå ein musikkglad familie og har sunge åleine og vore med i utallige band. 

Anita Heggholmen fekk heiderspris frå musikk- og kulturrådet. Leiar i rådet, Oddvar Rebnord til høgre. - Klikk for stort bileteAnita Heggholmen fekk heiderspris frå musikk- og kulturrådet. Leiar i rådet, Oddvar Rebnord til høgre.

Heidersprisen til ungdom frå idrettsrådet gjekk til Susanne Thorsen Berg som driv med karate. Idrettsrådet delte også ut heiderspris til Daniel Grindeland. Grindeland hadde også oppvising i breakdans. Prisane vart delte ut av leiar av idrettsrådet Sturle Halleraker.

Susanne Thorsen Berg fekk heiderspris frå idrettsrådet (ungdom). Til høgre; leiar i idrettsrådet Sturle Halleraker. - Klikk for stort bileteSusanne Thorsen Berg fekk heiderspris frå idrettsrådet (ungdom). Til høgre; leiar i idrettsrådet Sturle Halleraker.Heidersprisen frå idrettsrådet gjekk til Daniel Grindheim. - Klikk for stort bileteHeidersprisen frå idrettsrådet gjekk til Daniel Grindheim.

Det var elles ei rekkje personar som vart heidra for innsatsen sin innan kultur og idrett. Sjå bilete nedanfor av dei som vart heidra.

Underhaldning

Innimellom alle utdelingane var det varierte innslag med topp kvalitet frå kultur- og idretten i Øygarden.

Dei som deltok bidrog med innslag var Rong Brass (husorkester for kvelden), Lasse Økland (opera, akkompagnert v/ Åshild Eriksen, Magdalene Giak og Fredrik Vågenes (sportsdans), Kira Lokøy Jensen (song), Daniel Grindeland (breakdans, Kor i Øygarden (dirigent Marthe Melheim) og Emil Tveit Husby (klassisk gitar) og Anita Heggholmen (solo).

Her er fleire bilete frå kultur- og idrettsgallen:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Frå gallaen - Klikk for stort bilete
Frå gallaen - Klikk for stort bilete
Frå gallaen - Klikk for stort bilete
Frå gallaen - Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke