Frå administrasjonsutvalet 10. mars. Ståande; einingsleiar på Fjell sjukeheim, Eivind Flem.Eivind Flem viste til at det har vore høgt sjukefråvær på sjukeheimen. I januar 2024 var sjukefråværet på vel 20 prosent. Flem gjennomførte ei rekkje samtalar med dei tilsette. Desse viste at det var behov for å arbeida meir med kontinuitet og nærvær. Mellom anna har ein justert rutinane som sikrar ein effektiv start på dagen.
- Vi treng dei rette tilsette i avdelingane. Det er innført frivillige langvakter som mellom anna har resultert i redusert korttidssjukefråvær. Eg ønskjer å vera ein relasjons- og oppgåveorientert leiar, sa Flem som kvar fredag sender ut e-post til dei tilsette med felles relevant informasjon.
Skogsvåg barnehage var representert ved styrar Else Glesnes og pedagogisk leiar Marit Telle. Sjukefråværet i barnehagen hadde auka over ein del år. I november i fjor opplevde barnehagen at det skjedde ei positiv endring.
- Vi starta tidleg med å nytta leiingskompasset (PNG, 368 kB) og 10-faktor. Vi erfarer at kulturendring er viktig der vi byggjer på relasjonar og tillit. Vi nyttar bedriftshelsetenesta og Nav arbeidslivssenter. Vi har hatt besøk av professor Silje Mæland i samband med arbeidet med «Jobben gjer frisk» og nyttar Teams som informasjonskanal, sa Glesnes.
I arbeidet med organisering og involvering er det viktig å lytta til den enkelte og ha gode strukturar.
- I leiingskompasset stoppa vi opp for ordet «glød». Det er viktig å vera transparente og gå frå ord til handling. No skårar vi høgare på glød, sa Else Glesnes.
Frå orienteringa frå Skogsvåg barnehage. Ståande Marit Telle (til venstre) og Else Glesnes.Einingsleiar på Sundheimen, Janne Thode, orienterte om samarbeidet med Beredt som er ei inkluderingsbedrift der målet er å leggja ekstra til rette slik at medarbeidarar lettare kjem tilbake til arbeidslivet. Sundheimen nyttar inkluderande jobbdesign som bidreg til at fagpersonar får jobba med det dei er gode på, medan andre tilsette kan gjennomføra støtteoppgåver.
I juli 2023 fekk Sundheimen eitt og eit halvt årsverk til servicearbeid.
- Vi har, til liks med dei tre andre sjukeheimane, fått to nye stillingar i hundre prosent frå 1. mars i år. Dei kan få gjennomføra oppgåver som ikkje krev autorisasjon. Døme på oppgåver kan vera arbeid med pasientklede og kjøkenteneste. Dette gjev pasienttryggleik og større arbeidsro for dei andre tilsette. Eg tenkjer at servicearbeidarane er komne for å bli, sa Janne Thode.
På møtet i administrasjonsutvalet var det også orientering om overordna sjukefråværsarbeid, om kursrekkja “balansetrening for leiarar” og samarbeidet kommunen har med SafeChoice og professor Gerd Kvale.
Størst utfordring med langtidssjukefråvær
Administrasjonsutvalet tok saka om sjukefråværsarbeid til orientering.
Omstilling og pressa økonomi gir eit større sannsyn for stadig aukande sjukefråvær. På einingsnivå er det variasjonar i sjukefråværet, og det vert rapportert om høgt press frå enkelte einingar grunna fråvær. I tillegg blir det rapportert om ei oppleving av auka krav frå brukarar og pårørande.
Øygarden kommune sine siste målingar totalt tyder på at sjukefråværet er stabilt i motsetnad til resten av landet. Fråværet i Øygarden i 2024 har ein oppgang på 0,2 prosentpoeng. Det vert gjennomført analysar av einingane med det høgaste fråværet i oktober og april kvart år. Desse får tilbod om ekstra støtte og ressursar. I fjor var dette fem barnehagar.
Analyse av einingane viser at barnehagane og helse har det høgaste fråværet, medan administrative stillingar er lågare.
Arbeider med ny bustadteneste
Det låg også føre ei orienteringssak om arbeidet med å etablera ny bustadteneste. Saka vart teken til orientering.
Bakgrunnen for endringa er eit innsiktsarbeid der ein erkjenner at dagens bustadsosiale arbeid er fragmentert, lite formålstenleg organisert, uoversiktleg og med eit uutnytta potensiale for betre tverrfagleg samarbeid. Kommunen og kommuneadministrasjonen må ta eit større ansvar for den bustadsosiale heilskapen.
Parallelt med dette endringsarbeidet, ligg det føre ei sak om å leggja ned Bustadstiftinga. Endringsprosessen i dette dokumentet konsentrerer seg om dei administrative endringane i kommuneorganisasjonen.
Det vert etablert ei avdeling for bustadteneste. I den første fasen består bustadtenesta av ein leiar, ein bustadtildelar og to startlånsrådgjevarar. Bustadtenesta samarbeider med rus og psykisk helse, NAV, MMNF (menneske med nedsett funksjonsevne), Øygarden bustadutvikling KF, Bustadstiftinga og fleire andre kommunale tenester.
Rapport for kvalitetssystemet Compilo 2024
Denne rapporten gjer greie for status og utvikling i bruk av kvalitetssystemet Compilo i 2024 og overordna avviksstatistikk for heile Øygarden kommune samanlikna med 2023.
I 2024 vart det registrert 8547 avvik totalt i Øygarden kommune, mot 7774 i 2023. Dette er ein auke på 10 prosent frå året før. Det er meldt flest avvik i Helse og velferd og Oppvekst. I Helse og velferd er det meldt 1 160 fleire avvik enn året før. For Oppvekst er det nedgang i meldte avvik på 334.
Det er meldt 69 avvik innan alvorsgrad høg i 2024. Dette er ein markant nedgang frå 2023. Då vart det meldt 214 avvik med alvorsgrad høg. Dette viser at arbeidet med å få leiarar og tilsette til å melda rett, har lukkast.
Andre saker
- Nedlegging av IA-utvalet og etablering av utval for likestilt arbeidsutval (ULA). Saka vart teken til orientering.
- Oppfølging av vedtak gjort i formannskapet i sak 003/25. Redusera sjukefråvær i alle einingar i kommunen, oppfølging av verbalpunkt 12 i budsjettvedtak 2025.
Tekst og foto: Vigleik Brekke