Takka for samarbeidet

Kommunestyret torsdag var det siste ordinære kommunestyremøtet i den første valperioden for den nye kommunen. Ordførar Tom Georg Indrevik tok på seg ordførarkjeda og nytta høvet til å takka.

Ordføraren runda av med å takka for samarbeidet sidan hausten 2019. - Klikk for stort bileteOrdføraren runda av med å takka for samarbeidet sidan hausten 2019.

Han viste til at uansett resultatet av valet den 11. september, er det dette kommunestyret som har vore dei første og saman bygd Øygarden kommune.

- I tillegg til å byggja ein ny kommune, har vi vore gjennom ein pandemi, og vi opplever krig i Europa. Eg har hatt og har æra av å vera den første ordføraren i den nye kommunen. Eg har i heile perioden sagt at eg har verdas beste verv, men ikkje alle dagar er verdas beste, sa ordføraren.

Han viste til at det har vore oppturar og nedturar.

- Men det er møte med enkeltmenneske som har gjort størst inntrykk, anten om det er nokon som har mista eit barn eller det er ho som 100-åring bur åleine heime og ikkje får hjelp frå kommunen, san Indrevik og takka alle han har møtt gjennom denne tida, familien som har gitt han høve til å driva politikk, alle tilsette og alle folkevalde som har brukt mykje av tida si for fellesskapet.


Tekst og foto: Vigleik Brekke