Tekniske problem på rådhuset
Måndag føremiddag oppstod det tekniske problem på rådhuset. Eit straumbrot førte til at datasystemet vart ramma.

Det vert etablert ei nødløysing for å sikra at datasystema fungerer. Kontora på rådhuset, med unnatak av 5. etasje, er framleis utan straum.
- Dei tilsette på rådhuset som ikkje har straum på kontora, er oppmoda om å nytta heimekontor resten av dagen, seier kommunedirektør Johnny Breivik.
Målet er å få straumen tilbake på heile rådhuset frå og med tysdag.
Oppdatert måndag kl. 1955:
Eigedomsforvaltning melder måndag kveld at straumen er tilbake på heile rådhuset.
Publisert 09.12.2024 13.16