Tett på Sotrasambandet

63 gravemaskinar og mange andre anleggsmaskinar er i full sving på ni av dei 11 områda på Sotrasambandet. Denne veka var kommuneleiinga ved ordførar Tom Georg Indrevik og kommunedirektør Johnny Breivik saman med leiinga i Sotra Link og Statens vegvesen på rundtur for å få siste nytt om det store samferdsleprosjektet.

Frå venstre; prosjektleiar Statens vegvesen Lene Sælen Rivenes, kommunedirektør Johnny Breivik, ordførar Tom Georg Indrevik og direktør og prosjektleiar Sotra Link Christopher M. Bjerke. - Klikk for stort bileteKnarrvika. Her vert det arbeidd med brufeste. Sotrabrua i bakgrunnen. Frå venstre; prosjektleiar Statens vegvesen Lene Sælen Rivenes, kommunedirektør Johnny Breivik, ordførar Tom Georg Indrevik og direktør og prosjektleiar Sotra Link Christopher M. Bjerke.

På denne turen konsentrerte ein seg om Knarrvika, Drotningsvik og Kolltveit. Ordførar Tom Georg Indrevik likte det han såg.

- Det er imponerande å sjå framdrifta på alle de stadene vi besøkte. Det er flott å møta motiverte og stolte tilsette som byggjer eit så viktig prosjekt for samfunnsutviklinga. Vi gler oss også over at prosjektet er i rute, seier Indrevik.

Ordføraren veit at i tida som kjem vil det oppstå trafikale utfordringar og tidvis redusert trafikkflyt når ein skal gjennomføra eit så stort samferdsleprosjekt som dette. Det er umogleg å gjennomføra eit så stort prosjekt utan at det får konsekvensar for trafikkavviklinga. 

Eit område som står framfor stor utbygging etter ferien, er Storavatnet (Loddefjord). Her vert det omleggingar av trafikken som igjen vil føra til meir kø for dei som køyrer i området, særleg i rushtida.

- Vi må vera innstilte på at noko vert verre før det vert betre. Vi må alle bidra til at trafikkavviklinga vert så smidig som mogleg. Vi arbeider med fleire tiltak, seier ordføraren.

Det vert gjennomført eit omfattande arbeid i Drotningsvik. Pr. 08.04 har ein kome  264 og 279 meter inn i dei to tunnelløpa i den totalt 1 950 meter lange Drotningsviktunnelen. Gjennomslag er venta første del av 2026. Tunnel for forankringskammer til ny bru og tilkomsttunnel for brutårn til ny bru er ferdig. - Klikk for stort bileteDet vert gjennomført eit omfattande arbeid i Drotningsvik. Pr. 08.04 har ein kome 264 og 279 meter inn i dei to tunnelløpa i den totalt 1 950 meter lange Drotningsviktunnelen. Gjennomslag er venta første del av 2026. Tunnel for forankringskammer til ny bru og tilkomsttunnel for brutårn til ny bru er ferdig.

I rute

Prosjektleiar i Statens vegvesen, Lene Sælen Rivenes, direktør og prosjektleiar i Sotra Link, Christopher M. Bjerke og andre medarbeidarar orienterte om status i arbeidet med prosjektet.

Gjennomslaget for den nye Kolltveittunnelen vil venteleg skje om lag 20. april. Brutårnet i Knarrvika er no 14,5 meter høgt. Sluttført brutårn vert 145 meter høgt. 

Pr. dato arbeider rundt 700 personar med Sotrasambandet. På det meste vil 800-900 medarbeidarar vera i aksjon på sambandet. Ifølgje Christopher Bjerke er 80 prosent av omsetnaden så langt oppdrag til norske bedrifter.

Sotrasambandet skal vera klar til bruk 1. juni 2027. Heile anlegget inklusive sidevegar skal vera ferdig 30. juni 2028. Det vil etter det også vera ein del etterarbeid, mellom anna forskjønning. 

I Straume-området skal det mellom anna leggjast til rette for nytt kollektivanlegg. Ved gjennomføring av sjølve vegsambandet i sentrumsområdet, vil delar av dagens parkeringsareal ved rådhuset nyttast. Dette vil skje heilt mot slutten av anleggsperioden i 2027.

Det vert no arbeidd på ni av 11 område langs traseen for Sotrasambandet. På nettsida til Sotra Link er det omtale av seks hovudområde. Dette er Kolltveit og Bildøyna, Straume, Knarrvika, Drotningsvik, Storavatnet og ny bru.

Ved utløpet av Kolltveittunnelen mot vest. Gjennomslag vil venteleg skje rundt 20. april. Frå venstre; Tom Georg Indrevik, Lene Sælen Rivenes og Christopher M. Bjerke. - Klikk for stort bileteVed utløpet av Kolltveittunnelen mot vest. Gjennomslag vil venteleg skje rundt 20. april. Frå venstre; Tom Georg Indrevik, Lene Sælen Rivenes og Christopher M. Bjerke.

Fakta om Sotrasambandet

Sambandet vert gjennomført som eit offentleg-privat-samarbeid (OPS). Sotra Link AS har inngått en OPS-kontrakt med Statens vegvesen om å finansiera og gjennomføra prosjektet. Sotra Link skal drifta og vedlikehalda vegprosjektet i 25 år. Prosjektet vart  godkjent av Stortinget i desember 2021, og har ei ramme på 23,1 milliardar kroner.

Dette gjev mellom anna:

  • 9,4 kilometer lang firefelts veg
  • 19 bil- og fotgjengarundergangar
  • 23 tunnelportalar. Den lengste tunnelen, Drotningsviktunnelen, vert to kilometer lang.
  • 22 bruer og viaduktar
  • 14 kilometer med fortau og sykkelvegar
  • 24 kilometer med tofelts tilkomstvegar
  • Hovudbru som er 30 meter brei, 900 meter lang og får 145 høge brutårn.


Status for dei ulike omårda ser du her.
Her kan du melda deg på nyheitsbrev frå Sotrasambandet.
Du kan også få sprengingsvarsel. 

Fleire bilete, Knarrvika:

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

Fleire bilete, Drotningsvik:

Frå Drotningsvik - Klikk for stort bilete
Frå Drotningsvik - Klikk for stort bilete
Frå Drotningsvik - Klikk for stort bilete
Frå Drotningsvik - Klikk for stort bilete
Frå Drotningsvik - Klikk for stort bilete
Frå Drotningsvik - Klikk for stort bilete
Frå Drotningsvik - Klikk for stort bilete
Frå Drotningsvik - Klikk for stort bilete
Frå Drotningsvik - Klikk for stort bilete
Frå Drotningsvik - Klikk for stort bilete

 

Fleire bilete, Kolltveit:

Frå Kolltveit - Klikk for stort bilete
Frå Kolltveit - Klikk for stort bilete
Frå Kolltveit - Klikk for stort bilete
Frå Kolltveit - Klikk for stort bilete
Frå Kolltveit - Klikk for stort bilete
Frå Kolltveit - Klikk for stort bilete
Frå Kolltveit - Klikk for stort bilete
Frå Kolltveit - Klikk for stort bilete
Tunnelleiar Faviane Solesin (Sotra Link Construction). - Klikk for stort bilete


Tekst og foto: Vigleik Brekke