Tid for skifte

- Det viktigaste for meg har vore folka eg har fått arbeida saman med. Det seier Kaja C. Pedersen som hadde sin siste arbeidsdag i Øygarden kommune 21. juni. No skal ho over i Kriminalomsorga. I kommunalsjefområdet for Organisasjon og samfunnssikkerheit skjer det fleire endringar.

Frå venstre; Kristine Fretheim, Jan Gaute Haug, Kaja C. Pedersen og June Johannesen - Klikk for stort bileteFrå venstre; Kristine Fretheim, Jan Gaute Haug, Kaja C. Pedersen og June Johannesen

Frå 22. juni er June Johannesen konstituert som leiar av HR og kompetanse og tryggleik. Som ei mellombels ordning skal Jan Gaute Haug, som er branningeniør i Øygarden brann og redning (ØBR), i seks månader vera beredskapssjef og gjennomføra denne rolla saman med seksjonssjef i ØBR, Kristine Fretheim. Dei skal inn i denne oppgåva med 30 prosent stilling kvar. 

June Johannesen opplyser at nokre av beredskapsoppgåvene vert verande igjen i tryggleik. Døme på dette er arbeidet med kommune-ROS som vert leia av Silje Nilsen (ROS: Risiko- og sårbarheitsanalyse). 

- Eg trur vi har funne ei god løysing på dette. Det ville vore for krevjande for meg om eg også skulle vore beredskapssjef, seier ho.

Kommunalsjef for Organisasjon og samfunnssikkerheit, Anne-Merete Vabø Haugane, seier at i ei tid med mykje omstillingar, og korte utviklingshorisontar, er det viktig å organisera tenester som gjev rom for stor fleksibilitet. 

- Ved å samla tryggleik og HR og kompetanse i ei eining, ønskjer vi å stimulera til fleksible og heilskaplege oppgåveløysingar, seier kommunalsjefen.  

Folk er det viktigaste

Kaja C. Pedersen starta allereie måndag 24. juni som seniorrådgjevar i straffegjennomføringsseksjonen i Kriminalomsorga, region Vest, med kontor i Bergen sentrum. 

Kaja C. Pedersen - Klikk for stort bileteKaja C. Pedersen

No kan ho sjå tilbake på 10 år i Sund kommune og Øygarden kommune. Ho starta som personalrådgjevar og har seinare vore personalsjef (Sund), stabsleiar personal drift, stabsleiar personal og organisasjonsutvikling og frå 2022 einingsleiar for HR og kompetanse. 

- Kvifor skiftar du beite no?

- Det handlar om ei totalbelastning over tid. Eg har også lyst til å gjera noko heilt anna gjennom utfordringar i eit anna samfunnsoppdrag eg er svært engasjert i, seier ho. 

Kaja seier at ho er svært takksam for det ho har fått vera med på saman med gode medarbeidarar. Gjennom desse åra har ho mellom anna arbeidd med ulike rutinar, strategisk rekruttering og opplæring for nye leiarar, særleg avdelingsleiarar.

- Folk er det det viktigaste. Eg har saman med kollegaene arbeidd med overordna arbeidsgjevaransvar og harmonisering i samband med kommunesamanslåinga, meir strukturert arbeid med sjukefråvær gjennom «Jobben gjer frisk», 10-faktorarbeidet og leiarutviklingsprogram om relasjonell kapasitet. Eg har lært nye ting kvar dag, seier Kaja C. Pedersen. 

Kommunalsjef Anne-Merethe Vabø Haugane takkar Kaja for den jobben ho har gjort saman med kollegaene for Øygarden kommune.

- Eg ønskjer henne lukke til med andre viktige samfunnsoppgåver, seier kommunalsjefen.


Tekst og foto: Vigleik Brekke