Tilbyr middag til seniorar på døra

Kommunen har inngått samarbeid med Huset Spiseri om leveranse av kald eller varm middag til seniorar. Tilbodet kan og nyttast av andre som ønskjer det. Ein kan bestille middag for opptil 7 dagar i veka etter eiga ønskje. Levering skjer 1-2 gongar pr veke. Det er moglegheit for varm middag på leveringsdagar.

Frå venstre; Rune Torsvik (medeigar), Mandy Goldman (avdelingsleiar) og Anne Grete Andersen (prosjektkoordinator i Øygarden) - Klikk for stort bileteFrå venstre; Rune Torsvik (medeigar), Mandy Goldman (avdelingsleiar) og Anne Grete Andersen (prosjektkoordinator i Øygarden)

Etter avtale med kommunen er prisen for kald middag 99 kroner og varm middag 149 kroner. I tillegg kjem 50 kroner i frakt.

Leva heile livet

Tilbodet om leveranse av mat på døra til seniorar er  eit resultat av arbeidet i prosjektgruppa Leva heile livet. God og ernæringsrik mat er grunnleggjande for god helse og livskvalitet gjennom heile livet.

Øygarden kommune inviterte dei private aktørane som var registrerte til arbeidsverkstad. Seks aktørar meldte interesse. Etter ein prosess, har ein enda opp med avtale med Huset Spiseri som vil tilby levering av middag til seniorar i heile kommunen. Leverandøren har ansvar for at alle krav til hygiene og pakking/emballasje vert følgd og at maten har forskriftsmessig temperatur ved leveranse.

- Kjøp av levert middag på døra er ein privat avtale mellom Husets Spiseri og kjøpar. Kommunen legg til rette for at folk skal få levert mat på døra på ein trygg måte, seier prosjektlkoordinator i Øygarden kommune, Anne Grethe Andersen.

Les plakat om tilbodet her (PDF, 7 MB) eventuelt kan du kontakta Aksjonssenteret for meir informasjon eller hjelp til bestilling på telefon 55 09 70 00.

Tekst og foto: Vigleik Brekke