Endringsframlegget vart fremja av Robert Kaupang Sæle (H)Med sju røyster (Høgre, Frp, KrF og Sotralista-TVØ) tilrådde levekårsutvalet på møtet onsdag innstillinga frå kommunedirektøren. Seks medlemer (Høgre, Frp og KrF) røysta for eit forslag om nokre endringar av planen. Arbeidarpartiet, Senterpartiet, INP og Sotralista-TVØ) røysta imot endringsforslaget.
I tilrådinga til kommunestyret går det fram at det skal fremjast eiga sak om nødvendige krinsgrensejusteringar. Når det gjeld ny skule på vestsida tilrår levekårsutvalet at det skal arbeidast vidare med prosjektering av ny barneskule på Møvik til erstatning for Ulveset og Skålevik skular med mål om ferdigstilling i 2029. Ramma for prosjektet må sjåast i forhold til økonomi og behov.
Det skal setjast i gang planlegging av ny eller rehabilitering av barneskule på Ågotnes i 2027.
I tilrådinga er det fleire føringar for det vidare arbeidet med planen:
- Teksten «Ny skule på Bildøy» skal endrast til «Ny skule i området Straume/Bildøy/Kolltveit».
- Planen skal rullerast kvart fjerde år, første gong i 2028. I samband med dette, skal det hentast inn oppdaterte folketal- og elevtalsprognosar. Ved rulleringa skal det særleg vurderast om det skal gjerast endringar som følgje av endringar i barnetal og samfunnsmessige forhold. Tiltak etter 2028 må justerast/stadfestast i samband med rulleringa.
- Tilrådinga i ny barnehage- og skulebruksplan vert gjennomført etter kvart som den økonomiske bereevna til kommunen kan handtera investeringane og driftskostnadene. Dette skal ein koma tilbake til i samband med årlege budsjett og økonomiplanarbeid.
Leiar av levekårsutvalet, Ernst Einarsen, sa avslutningsvis at behandlinga av saka i utvalet gjekk fint for seg sjølv om det er ei vanskeleg sak.
Skulerute
Levekårsutvalet vedtok å leggja “Forskrift om skulerute 2025-2026 for grunnskulane i Øygarden kommune” ut på høyring i seks veker. Høyringsfristen vert 11.desember.
Her kan du lesa innkalling med saksdokument.
Du kan sjå opptak frå møtet i levekårsutvalet på kommune-TV.
Tekst og foto: Vigleik Brekke