Gruppemøte i fleirtalspartia før avrøysting i saka om flyktningmottak.Formannskapet sluttar seg elles til innstillinga frå kommunedirektøren der det heiter at Øygarden kommune har eit stort press innan barnevernstenester og at ein såleis ikkje finn rom til å busetja einslege mindreårige flyktningar i 2025. I tilrådinga heiter det at dersom behovet for mottaksplassar aukar, vil kommunestyret koma tilbake til dette sett i lys av ei eventuell ny oppmoding.
Industri- og næringspartiet (INP) fremja først eit utsetjingsforslag om at saka skulle sendast tilbake til administrasjonen for å få ein meir nøyaktig kalkulasjon av faktiske inntekter og utgifter i samband med flyktningarbeidet. Dette forslaget vart trekt.
Øygarden kommune er frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) oppmoda om å busetja til saman 100 flyktningar i 2025 og at 10 av dei 100 plassane vert nytta til busetting av einslege mindreårige over 15 år.
Saka vert behandla i kommunestyret på onsdag.
Arbeidarpartiet og SV røysta imot tilleggsforslaget om å be om kalkulasjon over faktiske inntekter og utgifter i samband med flyktningarbeidet. På biletet; Marianne Sandahl Bjorøy (Ap).Støttar forslag om besøksbidrag (turistskatt)
Formannskapet tilrår med 10 mot eí røyst (Frp) å innføra besøksbidrag slik det går fram av saka.
Eit fleirtal på fem medlemer (Høgre, Sotralista og KrF) slutta seg til eit forslag fremja av Høgre der ein ber regjeringa finna ei anna innretning på ordninga før innføring, slik at ein sikrar at bidraga kan krevjast inn frå fleire gjestegrupper og ikkje vert ei rein avgift på overnatting. Besøksbidraga må verta øyremerkt til reiselivsrelaterte fellesgode.
Mindretalet (Ap, Frp, INP og SV) røysta imot tilleggsforslaget.
Føreslått modell fokuserer på ein overnattingsavgift. Skatten vil bli pålagd person eller bedrift som tilbyr betalt korttidsovernatting, inkludert hotell, campingplassar og privat utleige. Skatten vil bli innkrevd av kommunen der bustaden ligg. For å sikra ein moderat innverknad på turismen, er det føreslått ein maksimal sats på fem prosent av overnattingsprisen, eksklusiv meirverdiavgift.
Ny forskrift om politivedtekt for Øygarden kommune - etter høyring
Formannskapet tilrår at kommunestyret vedtek ny forskrift om politivedtekter for Øygarden slik dei ligg føre. Den nye forskrifta vil erstatta to forskrifter om politivedtekter for Fjell og Sund kommunar.
Bakgrunnen for saka er at Øygarden pr. dato står utan gjeldande politivedtekt for heile kommunen.
Tilrår å innføra festeavgift for dobbeltgraver
Formannskapet sluttar seg til innstillinga frå kommunedirektøren om å innføra fri grav i 20 år etter kvar gravlegging for personar som ved dødsfallet hadde bustad i Øygarden kommune, uavhengig av kva grav som vert brukt. Det vert innført dobbel festeavgift for doble graver. Endringa i gebyra gjeld frå 1. januar 2025. Gebyr og brukarbetalingar pkt 11.1, som ligg som vedlegg til budsjettet, vert oppdatert som følgje av endringane.
Sotralista fekk støtte for eit forslag der det vert presisert at reservert grav ved sida av første avdøde får også fri grav i 20 år når grava vert teken i bruk.
Saka vert avgjort av kommunestyret.
Budsjett og økonomiplan
Formannskapet tok innkomne høyringsfråsegn til budsjett 2025 og økonomiplan 2025-2028 til orientering. Desse følgjer saka vidare til endeleg behandling i kommunestyret komande torsdag.
Oppdatert prognose for framtidig heildøgns omsorgsplassar
I denne saka har kommunedirektøren lagt fram ein oppdatert prognose for framtidig behov for heildøgns omsorgsplassar. Notatet viser eit samla behov for 545 heildøgns omsorgsplassar ved utgangen av 2039. Per i dag har kommunen 252 plassar. Det inneber behov for ein auke på 293 plassar.
Formannskapet tok notatet til orientering.
Evaluerer politisk delegeringsreglement for kommunestyreperioden 2023- 2027
Formannskapet tilrår å ta evalueringa av det nye delegeringsreglementet for klagesaker til etterretning og å vidareføra delegeringa utan endringar. Det er tilrådd at kommunedirektøren får i oppdrag å koma tilbake med ny sak om justeringar av politisk delegeringsreglement våren 2025.
I saka går det fram at delegering av kurante byggesaker har vist seg å vera svært effektivt. Saksbehandlingstida er vesentleg redusert frå rundt 137 dagar til 54 dagar. Kommunen held no seg innanfor lovfristen på åtte veker for behandling av klagesaker etter byggesaksforskrifta § 7-1 (1) bokstav c.
Val og endringar knytt til styre i Bustadstiftinga og Øygarden bustadforvaltning KF
Det vart tilrådd å endra styrerepresentasjonen i Bustadstiftinga og Øygarden bustadforvaltning KF i tråd med vedteken eigarskapsmelding.
Bakgrunnen for saka er at kommunestyret i november 2024 behandla ei sak om status for oppheving av Bustadstiftinga. I den samanheng vart det bedt om ei vurdering av å endra styre som følgje av prosessen.
Her kan du lesa heile tilrådinga til endring av styra. (PDF, 116 kB)
Her er innkalling med saksdokument.
Tekst og foto: Vigleik Brekke