Tilrår åtte prosjekt for forvaltningsrevisjon

Kontrollutvalet har samla seg om plan for forvaltningsrevisjon for perioden 2024-2028 for Øygarden kommune og tilrår å prioritera åtte forvaltningsområde. Utvalet tilrår å gjennomføra eigarskapskontroll av ØyVAR AS.

Frå møtet i kontrollutvalet torsdag. - Klikk for stort bileteFrå møtet i kontrollutvalet torsdag.

Sakene går til endeleg behandling i kommunestyret.

Leiar i kontrollutvalet, Stian Oen (Ap), seier at alle områda kontrollutvalet har tilrådd er vurdert å ha høg risiko for svikt, manglar og feil og/eller at det er heilt sentrale samfunnsområde.

- Ei viktig årsak til at trygt og godt skulemiljø er prioritert aller høgast av er nok meir merksemda om den store utfordringa med utanforskap og fråfall, og at denne utfordringa diverre er veksande. Auka merksemd på kor viktig eit trygt og godt skulemiljø er i kampen mot ungdomskriminalitet og rus, har nok også spelte inn, seier Oen.

Prioriterte område 

Dei områda som er tilrådd prioriterte for forvaltningsrevisjon er trygt og godt skulemiljø, psykisk helse- og rustenester, samfunnssikkerheit og beredskap, vedlikehald av vegar, vedlikehald av kommunal eigedom, barneverntenesta, personalforvaltning, HMT, arbeidsmiljø og sjukefråvær og flyktningtenester og integrering.

-At psykisk helse og rustenester er det nest høgast prioriterte temaet heng også saman med kor viktig me ser det er, og ikkje minst vil verta frametter. Det er viktig at kommunen sitt tilbod på dette feltet gjev så gode resultat som mogleg. Ei viktig årsak til at også samfunnstryggleik og beredskap er prioritert høgt av kontrollutvalet er at det i det førebuande arbeidet kom fram at det per i dag er klare manglar og utfordringar på dette feltet, seier Stian Oen.

Når det gjeld plan for eigarskapskontroll 2024-2028 tilrår kontrollutvalet å gjennomføra kontroll av ØyVAR AS.

- ØyVAR leverer samfunnskritiske tenester til innbyggjarane i kommunen. Som eineeigar av selskapet har kommunen eit særskilt ansvar for å følgja det opp, seier utvalsleiar Stian Oen. 

Også denne saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Kontrollutvalet behandla ei rekkje saker på møtet på torsdag. Det vart mellom anna gjeve uttale til  årsmelding for Øygarden kommune, årsmelding for Øygarden bustadutvikling KF og Øygarden næringsutvikling KF.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.


Tekst og foto: Vigleik Brekke