Tilrår bygging av fiskerilager

Formannskapet tilrår å starta opp arbeidet med å byggja fiskerilager i Porsvika. Saka går til endeleg behandling i kommunestyret.

Skisse av prosjektet - Klikk for stort bileteSkisse av prosjektet.

Det var opphavleg sett av 10 millionar kroner til prosjektet. Etter anbodsrunde viser det seg at det rimelegaste tilbodet har ei kostnadsramme som er 4,1 millionar kroner over budsjettramma. Formannskapet tilrår at meirkostnaden vert dekt av unytta midlar sett av til ny skule på vestsida i 2023.

Totalkostnaden for prosjektet inklusive meirkostnaden vert dermed 14,1 millionar kroner.

Lageret skal leigast ut kystfiskarar for lagring av utstyr. Kommunedirektøren skriv i saksutgreiinga at lageret gjev god og trygg tilkomst for dei som ikkje har lagringsplass på eigen grunn.

- Dette vert eit universelt lager lagt til rette for trygg bruk, går det fram av saksutgreiinga.

Støttar høyringsutkast

Formannskapet slutta seg til framlegget frå kommunedirektøren om forslag til endring i ny opplæringslov og privatskulelova om reglar om avverging av skade og bruk av fysisk inngrep. I høyringa vert det føreslått endringar i lova med atterhald om at ny opplæringslov vert vedteken av Stortinget. Les heile vedtaket her. (PDF, 90 kB)

Tilrår finansrapport

Formannskapet tilrår å ta finansrapport 2. kvartal 2023 til orientering slik han ligg føre. Det vart tilrådd å rullera/refinansiera fire lån på til saman om lag 572 millionar kroner.

Klagesak

Formannskapet behandla også ei klagesak på vedtak om vatn og avlaup.

Formannskapet drøfta eigarskap

Dette var eit heildagsmøte, og formannskapet brukte mesteparten av tida til å drøfta kommunalt eigarskap og oppfølging av eigarskapsmeldinga som vart vedteken i oktober 2022.

Eigarskapsmeldinga er eit overordna politisk styringsdokument som mellom anna skal gje tydelege styringssignal til kommunalt eigde selskap og føretak. Det er kommunestyret som har det overordna ansvaret for det kommunale eigarskapet.

Annan informasjon

Det var også informasjon om ØyVAR, Bergen Havn, Trigger AS, Naturgassparken Vest, samkøyring v/ Skyss, prosjektet næringsvennleg kommune og Sotrasambandet.

Her er presentasjonane frå formannskapsmøtet.

Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

 

Tekst: Vigleik Brekke
Skisse: Link Arkitektur