Tilrår Øygardsbrua som namn på ny bru

Plan og miljøutvalet (PMU) sluttar seg til innstillinga frå kommunedirektøren og går inn for at namnet på brua mellom fastlandet og Øygarden får namnet Øygardsbrua. Utvalet var samla til møte på måndag.

Bilete av ny bru under bygging - Klikk for stort bileteØygarden kommune tilrår at namnet på brua mellom fastlandet og Øygarden får namnet Øygardsbrua. Sotra Link

Øygarden kommune skal gje høyringssvar på namnesaka som er reist av Statens vegvesen. Kartverket gjer endeleg vedtak om skrivemåte.

Statens vegvesen har føreslått å bruka Sotrabrua som namn på den nye store brua, medan noverande bru, Sotrabrua, får endra namnet til Gamle Sotrabrua. 

Kommunedirektøren viser i saksutgreiinga til at med få unnatak vil den nye brua verta hovudsambandet frå og til fastlandet for innbyggjarar og besøkande i heile kommunen og vert innfartsporten til Øygarden. Han viser til andre større bruer i fylket som Osterøybrua, Askøybrua og Norhordlandsbrua som har fått namn etter kommunen eller regionen dei fører til. Namnet Sotra omfattar strengt tatt berre øya Sotra. 

- Den noverande Sotrabrua skal framleis nyttast til lokaltrafikk og bør behalda sitt innarbeidde namn, som ho har hatt sidan 1971, skriv kommunedirektøren i saksutgreiinga.

Statens vegvesen har føreslått å bruka Knarrvikatunnelen på tunnelen som går til Arefjordspollen og som i heilskap ligg på garden Arefjord. Kommunedirektøren meiner at denne tunnelen bør få namnet Arefjordtunnelen.

Plan- og miljøutvalet slutta seg til forslaget frå Statens vegvesen (og kommunedirektøren) om å kalla tunnelen under Straume for Straumetunnelen. 

For resten gjer Øygarden kommune framlegg om andre namn. Dette går fram av tabell som kan lesast i lenkje nedanfor «Her er innkalling med saksdokument».

Det er altså Kartverket som gjer endeleg vedtak.

Michael sangolt - Klikk for stort bileteMichael Sangolt (H) støtta forslaget om å kalla brua for Øygardsbrua.

Vil ha minst 120 erstatningsparkeringsplassar

Plan- og miljøutvalet tilrår å løyva fem millionar kroner til minst 120 nye parkeringsplassar rundt rådhuset/spesialistsenteret ved remerking og optimalisering av allereie opparbeidd parkeringsareal. Utgifta vert finansiert med løyvinga frå ubunde investeringsfond. Vedtaket vart gjort med røystene til Høgre, Frp, Krf, Sotra-lista TVØ og INP.

Eit mindretal på tre i utvalet (Ap og SV) røysta for innstillinga frå kommunedirektøren om å løyva fem millionar kroner til nye parkeringsplassar i området, men som ikkje var konkretisert med tal parkeringsplassar. 

Med åtte røyster (Høgre, Frp. KrF, Sotralista-TVØ og INP) vart det tilrådd eit alternativ til innstillinga til kommunedirektøren der det vert lagt opp til betalt parkering på offentlege areal i nærområdet til Straume med unnatak av Sotra Arena og barnehagar og skular i området. Kommunestyret ber administrasjonen lysa ut anbod om vilkårsparkering for offentlege parkeringsareal drifta av private med skiltgjenkjenning via kamera, app og betalingsautomat. Kostnader for kommunen vert straum og datatilgang i tillegg til ordinært vedlikehald av områda slik det er i dag.

Mindretalet (Ap og SV) røysta for kommunedirektøren sitt framlegg om betalt parkering på offentlege areal i nærområdet til Straume.

Samtala i gruppe - Klikk for stort bileteSamråding i ein pause før utvalet gav tilråding i saka om parkering på Straume.

Vidare tilrår PMU at parkeringsplassane skal vera avgiftsbelagde i tidsrommet mellom klokka 06.00 og 16.00 på kvardagar og klokka 09.00 og 15.00 på laurdagar og søndagar/helgedagar – etter to timar gratisperiode. Prisar for parkering vert innarbeid i gebyrregulativ for 2026.

INP fekk ikkje støtte for eit forslag om gratis parkering for tilsette i kommunen.

Vidare skal kommunen arbeida vidare med å leggja til rette for micromobilitet som bygdesyklar, el-sparkehjul, servicebuss mellom til dømes Sotra Arena og Foldnes kyrkje, fleire sikre sykkelparkeringar, tilrettelegging for reetablering av bildeleordninga og universelt utforma gangveg til/frå næraste busstopp.

Arbeidarpartiet fekk tilslutnad til eit forslag om at ved innføring av betalt parkering skal det etablerast rabatt- og unntaksordningar for særskilte grupper, som til dømes personar med funksjonsnedsetting, frivillige i organisert innsats og helsepersonell som kan dokumentera vaktordning.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret. 

Vil ha større kultursal

Utvalet behandla om saka om offentlege funksjonar i samlokalisering med ny vidaregåande skule på Stovevatnet. Utvalet tilrår samrøystes å leggja modell frå Åsane VGS/kulturhus til grunn for ny vidaregåande skule på Stovevatnet når det gjeld offentlege funksjonar og arealbruk.

Desse funksjonane skal vera ein del av ny vidaregåande skule anten i eigen seksjon eller i sambruk med fylket sine areal:

  • Helsestasjon for ungdom
  • Vaksenopplæringa
  • Kultursalar 
  • Innbyggjartorg/bibliotek
  • Fellesfunksjonar
  • Kontorlokale – opsjon – eigen seksjon med plass til om lag 50 arbeidsplassar. Er tiltenkt politisk leiing, politisk sekretariat og administrativ leiing
  • Parkering under ny vidaregåande skule,  opsjon– er tiltenkt VGS og offentlege funksjonar og parkeringsbehov primært innanfor områdeplan Straume sentrum nord.


I utvalsmøtet var det mest diskusjon om storleiken på kultursalane. Eit fleirtal på sju medlemer (Høgre, Frp, Sotralista-TVØ og INP) røysta for følgjande presisering når det gjeld kultursalar: «Kultursalar, der den største kan romma om lag 800 seter. Det bør også vera ein eller fleire mindre salar/black box som rommar mellom 80-100 seter».

Det vert bedt om at økonomiske rammer for valt alternativ vert arbeidd inn i oppdatert Øygarden 2040 slik at økonomisk konsekvens vert vurdert opp mot kommunen sitt totale investeringsbehov.

Det vart også tilrådd ei formulering om at det er viktig at bygget får god arkitektonisk utforming, gode visuelle kvalitetar og tiltalande utsjånad. Det bør vurderast inn gode og berekraftige løysingar i bygget, slik som gjenbruk, energieffektiv drift til dømes ved bruk av solceller og grønt areal på tak, eventuelt fasade.

Saka går til endeleg behandling i kommunestyret. 

Vil ha fredingsområde for hummar ved Telavåg

PMU sluttar seg til eit lokalt initiativ og tilrår at kommunen ber Fiskeridirektoratet om å arbeida vidare med ei formell freding etter havressurslova § 16 for dei to områda Ternneset/Nordra Skogneset og Nesvika/Ertnskjeret slik at forskrift om fredning trer i kraft før fangstsesongen startar 01. oktober 2025. 
Kommunen har gjennomført ein lokal prosess med dialog med Fiskeridirektoratet, Havforskingsinstituttet, fiskarlaget og lokale initiativtakarar. Det er gjennomført to folkemøte, og framlegg til høyringsområde har vore på lokal høyring.

Sluttbehandling revidert planprogram for Energiparken

PMU tilrår å vedta det reviderte planprogrammet for områderegulering for Energiparken. Ved endeleg vedtak vert fleire planar oppheva. Planen vil også overstyra fleire andre planar. 

Revisjonen handlar hovudsakleg om å inkludera heile Energiparken i planområdet - ikkje berre Energiparken Sør. Planen vil planleggja for å realisera næringsareal som tidlegare var skissert nord på Ljøsøyna i detaljregulering Naturgassparken. Næringsareal i heile Energiparken søkjer å byggja opp om infrastrukturen i området, og særskild Northern Lights-anlegget som nyleg tok investeringsavgjerd for fase to av prosjektet.

Saka går til kommunestyret.

Saker til høyring og offentleg ettersyn

  • Sender plan om masselagringsområde på høyring
    Utvalet vedtok å leggja detaljregulering for Søre Fjell tippen, Søre Fjell, ut på høyring. Planområdet er på 140 dekar. Formålet med denne planen er å leggja til rette for masselagringsområde for mottak av overskotsmassar, med intensjon om å ta imot massar frå Sotrasambandet. Når området er fylt opp, vert det lagt topplag av jord, som gjer at arealet kan nyttast til fulldyrking. 
     
  • Sender plan for RAN seglbåthamn, Anglavika, på høyring
    Utvalet vedtok å leggja planen ut til offentleg ettersyn. Formålet med planarbeidet er å sikra seglforeininga sitt eksisterande anlegg betre mot vêr og vind ved å etablera molo på steinfylling i sjø. I tilknyting til moloen vert det planlagt eit nytt arrangementsområde. Vidare vert tal på båtplassar auka med om lag 30 nye plassar, og det vert lagt opp til å kunna byggja ein ny hall for vedlikehald og lagring av båtar.
     
  • Miljøgate Ågotnes
    Utvalet vedtok også å senda forslag til detaljregulering av miljøgate Ågotnes ut på offentleg ettersyn. Planområdet er på 30 dekar, og miljøgata vil ha fokus på mjuke trafikantar og formålet med planen er primært å leggja betre til rette for denne trafikantgruppa langs aksen. Tilhøva for køyrande vil også verte utbetra som følgje av plangrepa.
     

Vedtak om oppstart – alternativ for Gamle Straumsundet bru og Bildøyvegen

Saka omtalar behovet for å oppgradera Gamle Straumsundet bru og Bildøyvegen. 

Det er i budsjettet for 2025 sett av midlar til forstudie av Gamle Straumsundet bru. Utbetring og trafikksikring av Bildøyvegen er høgt prioritert i Miljøløftet. Det blir i saka tilrådd å starta ei utgreiing for å vurdera ulike konsept for både brua og utbetring av Bildøyvegen.

Plan- og miljøutvalet vedtok oppstart av arbeidet med å vurdera ulike alternativ for utbetring av Gamle Straumsundet bru og Bildøyvegen. Det skal leggjast fram ei sak med tilråding til utbetring når denne er klar.

Andre saker

  • PMU vedtok å oppheva 38 reguleringsplanar etter forenkla prosess av reguleringsplanar som er utgått/erstatta.
  • Utvalet vedtok å endra reguleringsplan for Hammersland nord etter forenkla prosess.


Her kan du lesa innkalling med saksdokument.

 

Tekst og foto: Vigleik Brekke
Foto ny bru: Sotra Link