Tilrår plan for landbasert oppdrett
Utval for plan tilrår samrøystes at detaljerguleringsplan for Oksneset vert vedteken. Formålet med planarbeidet til tiltakshavar Blom Settefisk AS er å leggja til rette for landbasert akvakultur som på sikt kan handtera heile produksjonskjeda frå smolt til matfisk.
Illustrasjon av anlegget sett frå sør (ikkje bindande illustrasjon)..
Tiltakshavar ønskjer å søkja om konsesjon på 30 tusen tonn fisk. Anlegget kan gje opp mot 40 arbeidsplassar fullt utbygd. Planen legg til rette for utviding av eksisterande masseuttak i sørvest. Nytt planområde med utviding er på totalt 155 dekar.
I høyringsperioden kom Vestland fylkeskommune med motsegn knytt til planfri kryssing av fylkesveg 561 og opprusting av busshaldeplassar. Motsegnet frå Vestland fylkeskommune er løyst ved å inkludera rekkefølgjekrav knytt til opparbeiding av planfri kryssing av fylkesveg 561, kollektivhaldeplassar og etablering av fortau langs Dalsnesvegen. Etter høyring og offentleg ettersyn er det gjort fleire endringar i planskildring og føresegn.
På møtet i utval for plan torsdag gav saksbehandlar Sven Kallevik ein presentasjon av planen. Dei som tok ordet i saka gav ros til godt arbeid med planen.
Saka går vidare til endeleg behandling i kommunestyret.
Utvalet behandla sju klagesaker og eí dispensasjonssak.
Her kan du lesa saksdokument til sakene i utvalet.
Tekst:; Vigleik Brekke
Illustrasjon: Mulutconsult
Publisert 04.05.2023 17.32